Middelalderklyngen
Middelalderklyngen samlar forskarar, studentar, museum, fylke, kommunar og kulturarvsinstitusjonar i Bergen og på Vestlandet om mellomalderen. Hos oss kan du oppleve mellomalderens Bergen digitalt, gå på arrangement, studere mellomalderen og bli kjend med forskinga.
Om klynga
Mellomalderen er ein sentral tidsperiode som har hatt mykje å seie for historisk utvikling og identitet i Noreg og elles i Europa. Kunnskap om norsk og europeisk mellomalder er difor av stor betydning, og avgjerande for å forstå bakgrunnen for det moderne samfunnet.
Bergen og vestlandsregionen har fleire sterke fagmiljø som tek vare på den felles kulturarven frå mellomalderen. Mellomalderklynga skal vere eit samlande organ for desse fagmiljøa og støtte opp om samfunnsoppdraga til samarbeidspartnarane: forsking, utdanning, formidling og forvalting, med fokus på nyskaping og innovasjon.
Kontakt
Har du spørsmål om Middelalderklyngen eller om mellomalderforsking? Ta kontakt med klyngekoordinator Irene Baug.
- Telefonnummer
- +47 55 58 80 20
- E-post
- irene.baug@uib.no