For kven?
Polyfon-konferansen vert arrangert i november kvart år og samlar både studentar, forskarar, tenestebrukarar, praktikarar og leiarar. Er du knytt til ein av klyngedeltakarane til Polyfon, er det gratis å delta på konferansen.
Kva skjer på konferansen?
Konferansen er tverrfagleg og handlar om musikkterapi og om musikk og helse i vid forstand.
Frå å vere ein enkel konferansedag har Polyfon-konferansen utvikla seg til ein konferanse over to til tre dagar:
- Konferansedag, med plenumsprogram, ein plakatutstilling og parallellsesjonar med foredrag, workshops, rundebordsdiskusjonar og møteplassar. Musikkinnslag høyrer sjølvsagt også med. Bidraga byggjer på forsking, praksiserfaring og brukarerfaring.
- Seminardag, med ulike fagseminar som spring ut frå klyngedeltakarane sine eigne initiativ.
- Konsert, arrangert i samaberbeid med stiftinga Gjenklang (ekstern lenke), forskingssenteret GAMUT og Norsk forening for musikkterapi (ekstern lenke)
- Arbeids- og nettverksmøte
Vil du bidra?
Utrop om bidrag (call for abstracts) kjem tidleg på våren, med innleveringsfrist i mai eller juni. Polyfon har eigne retningslinjer for sammendrag som du følgjer når du sender inn bidraget ditt. Sjå retningslinjene for samandrag.
Tema for konferansane
Kvar konferanse har sitt eige tema:
- 2017: Musikkterapi gjennom livet – fra forebygging til recovery
- 2018: Musikkterapi og samhandling
- 2019: Brukermedvirkning i musikkterapi
- 2020: avlyst på grunn av korona
- 2021: Veier til ny praksis – musikkterapi og implementering
- 2022: Musikk, meining og medisinering
- 2023: Nyttig helsearbeid i nye tider
- 2024: Kvifor musikk – i kvardag og klinikk
- 2025: Musikk på tvers. 10 år med Polyfon – kva no?
- 2026: Musikkterapilandet?
Har du framlegg til tema eller vinklingar for framtidige konferansar, send dei gjerne til polyfon@uib.no.
Bidra og følg konferansen
Finn programmet for kvart år i kalenderen, og sjå opptak frå tidlegare konferansar.