Antikkens litteratur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet gjev studentane breiare og djupare kjennskap til gresk og romersk litteratur frå Homer (ca. 750 f.Kr) til Augustin (ca 400 e.Kr). Det femner ikkje berre om dei skjønnlitterære sjangrane (epos, lyrikk, drama og roman), men og om den kunstnarleg utforma prosaen, som hjå grekarane og romarane mest var å finna i faglitteraturen, i historieskriving, talar og filosofi. Studentane les eit breitt utval av dei viktigaste antikke forfattarane og studerer dei i deira litteraturhistoriske kontekst.

Emnet overlappar heilt med det tidlegare emnet ANT101 og vil ikkje gje utteljing i nye 15 studiepoeng dersom ein allereie har teke eksamen i ANT101.

Sjå også kursa i antikkens kultur ved dei norske institutta i Roma og Athen.

Læringsutbytte

Studentane skal få kunnskap om den antikke litteraturen og om den historiske og sosiale konteksten omkring den. Dei skal og bli kjende med forskingstradisjonane omkring gresk og romersk litteratur, og med problema rundt tekstoverlevering og tekstutgjeving. Gjennom ei øvingsoppgåve skal dei og vise evne til sjølvstendig vurdering av forskingsresultata innan denne tradisjonen.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlappar heilt med det tidlegare emnet ANT101 og vil ikkje gje utteljing i nye 15 studiepoeng dersom ein allereie har teke eksamen i ANT101.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar/seminar over valde delar av pensum.

Førelesingar: Om lag 26 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal skrive eI øvingsoppgåve med eit omfang på ca. 2000-2500 ord, og denne vert vurdert som bestått/ikkje bestått. Meir informasjon om oppgåva og innleveringsfrist vert kunngjort i siste halvdel av semesteret.

Vurderingsformer

Seks timars skuleeksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Haust. Det er óg vurdering tidleg i påfølgande semester for studentar med gyldig godkjenning av obligatorisk aktivitet.

Litteraturliste

Pensumet omfattar eit utval av greske og romerske tekstar i oversetjing, eit litteraturhistorisk oversynsverk og eit utval vitskaplege artiklar.

Eit verk som tidlegare er lese som pensum på eit anna fag, kan ikkje leggjast opp på ny.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programstyret for klassisk

Emneansvarlig

Fagmiljøet i klassiske fag

Administrativt ansvarlig

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium