Materialkurs 1: frå dei første menneska til slutten av bronsealderen ca. 500 f.Kr.

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet er obligatorisk i ein bachelorgrad i arkeologi.

Læringsmål

Emnet tek sikte på å gi ei innføring i arkeologiske funn knytt til steinalderen og bronsealderen i Midtausten og Europa.

Fagleg innhald

Emnet gir studentane ei innføring i dei viktigaste arkeologiske funntypane frå forhistoria til ca. 500 f.Kr. I tillegg til å identifisera og tolka funn, får studentane kunnskap om korleis arkeologiske funn skal handterast og analyserast.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har en grunnleggande oversikt over materiell kultur frå dei ulike periodane fram til 500 f.Kr.,
  • veit korleis man kan identifisera dei viktigaste arkeologiske funna,
  • har fått ei oversikt om korleis å handtera og analysera ulike funnkategoriar

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan arbeida med arkeologiske funn og gjera observasjonar om dei,
  • kan vurdere materiell kultur frå ulik tid og ulike kulturar i samanheng
  • kan identifisera arkeologisk materiale frå ulike periodar fram til 500 f.Kr.,
  • kan knyta arkeologiske funn til dei kulturelle og sosiale endringane i dei ulike periodane fram til 500 f.Kr.

Generell kompetanse

Studenten:

  • har kunnskap og ferdigheiter som er relevante for å følgja yrkesetikken i arbeid med kulturarvsmateriale,
  • har kunnskap og ferdigheiter i å knyta fagrelevant materiale og informasjon til praksis

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

UiB

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Gode kunnskapar i engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Emnet har fullt fagleg overlapp med ARK110.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga går føre seg i andre del av semesteret. Undervisninga omfattar ca. 8 timars arbeid med arkeologisk materiale i grupper.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • 100 % deltaking på undervisninga er obligatorisk, men maksimalt eit oppmøte kan erstattast med ei ekstra oppgåve ved dokumentert gyldig fråvær.
  • Innlevering av ei oppgåve: ei kort beskriving av eit utvald funnmateriale innan ein oppgitt frist

Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen i emnet er ein rapport på 1500 ord. Nærare retningslinjer blir gitt i Mitt UiB.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen greidd/ikkje greidd.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Instituttet utarbeider litteraturlister, pensum er om lag 500 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera emnet.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

AHKR har ansvar for fagleg innhald i emnet.

Administrativt ansvarlig

AHKR har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.