Introduksjon til datavisualisering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Kurset tek sikte på å introdusera studentane til det grunnleggjande om datavisualiseringsteori, design og utvikling.

Vårt privat- og arbeidsliv er omgitt av data frå steg-teljarar og mobile vêrmeldingar til rekneark og andre informasjonskjelder som styrer avgjerder på individuelt, lokalt og globalt nivå. Datavisualisering er eit velprøvt middel for å engasjera seg i store mengder av informasjon som er viktig i avgjerder, utforska dei og kontekstualisera dei. Mange spørsmål treng svar for å laga ei visualisering, f. eks: Kva farge skal eg bruka til denne variabelen? eller skal eg bruka eit søyle- eller linjediagram for å finna noko? Dårlege val kan føra til visualiseringar som vil villeia, skjula eller overdriva viktige aspekt i dataet, medan gode val vil spegla dataet på ein klarare, sannferdigere måte. I dette kurset skal me introdusera grunnlaga til design og utvikling av datavisualiseringar. Kunnskap av desse byggjesteinane vil gjera deg i stand til å produsera visuelle datarepresentasjonar som er sannferdige og effektive, og identifisera visuelle element som er villeiande om dei underliggjande datasetta sine. Gjennom ei blanding av forelesingar, diskusjonar og praktiske aktivitetar i Python som er vennlege til nybyrjarar, skal du læra om ulike typar av data, ulike brukaroppgåver og bli introduserte til eit "grammar" av visualisering for å hjelpa deg med skapa eller demontera datavisualiseringar. Du skal også læra om korleis å integrera rørsle og interaktivitet for å utforska og engasjera deg betre med data dine.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har forståing for dei grunnleggjande prinsippa for visualiseringsteori og -teknikkar på tvers av ulike store datadomene
  • har kunnskap om menneskeleg grafisk persepsjon og dens relasjonar til visualiseringsdesign
  • har oversikt over metodar for å visuelt koda og samhandla med data

Ferdigheiter

Studenten

  • har fått praktisk erfaring med å byggja grunnleggjande visualiseringar av data for analyse og kommunikasjon
  • han kritisk vurdera og diskutera visualiseringar

Generell kompetanse

Studenten

  • anerkjenner og kan kritisk diskutera rolla og betydninga av visualisering i dagens samfunn
  • kan forklara konseptet «visualization literacy»

Studiepoeng, omfang

2,5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Uregelmessig høst/vår

Undervisningssted

UiB

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Tidlegare erfaring med grunnleggande programmering og algoritmisk tenking, til dømes DIGI111 Algoritmar og programmering, og data/datastrukturar, til dømes DIGI110 fantastiske data.

Det er mogleg å gjennomføre utan tidlegare programmeringserfaring, men studentane bør då forvente å leggje ned ekstra innsats for å lukkast med den praktiske oppgåva.

Studiepoengsreduksjon

INF252: 2,5 studiepoeng

INF253: 2,5 studiepoeng

Krav til studierett

For opptak på emnet er det krav om studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesninger. Undervisning over 4 uker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For hvert tema vil det være en obligatorisk quiz. En obligatorisk oppgåve om sentrale tematikker.

Obligatoriske quizer og aktiviteter er bare gyldig i undervisningssemesteret.

Obligatoriske aktiviteter må gjennomføres samme semester som undervisningen blir gjennomført.

Vurderingsformer

Emnet er bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjend av faglærar.

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Vurderingssemester

Undervisningssemester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og

alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@ii.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.