Beredskap for helsekriser: ei multidisiplinær tilnærming

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Å analysere helsekriser frå multi- og tverrdisiplinære perspektiv for å få ei betre forståing for kunnskapen som er brukt for å forstå og adressere ein eineståande trussel mot global helse i samfunnet. Vidare, til å reflektere rundt ulike tilnærmingar til kompleksitet og usikkerhet for betre beredskap for nye kriser.

Læringsutbytte

Etter fullført kurs kan studenten:

Kunnskap:

Studenten kan:

- forstå kompleksiteten og usikkerheita i utvikling av bevis rundt helsekriser slik som COVID-19 pandemien

- forstår behovet for ulike disiplinar, metodar, prosessar og interessentar i forskings- og utdanningsprosjekt relatert til helsekriser.

- kan bidra til utviklinga av ny tverrfagleg kunnskap, nye teoriar, metodar, tolkingar og former for dokumentasjon på feltet.

Ferdigheiter:

Studenten:

- Kan formulere komplekse problem, forskingsspørsmål og vitskapleg og/eller kunstnarleg utviklande arbeid ved å ta i bruk ulike perspektiv

- kan vere del av forsking og utdanning, og/eller kunstnarisk forsking av høg internasjonal standard

- kan handtere komplekse akademiske spørsmål og utfordre allereie etablert kunnskap og praksis i feltet

Generell kompetanse:

Studenten:

- Kan identifisere nye relevante etiske problemstillingar og utarbeide forskingsarbeid med høg vitskapleg integritet

- Kan argumentere for komplekse tverrfaglege oppgåver og prosjekt

- kan oppdage behovet for, sette i gong og utøve innovasjon innan feltet

Studiepoeng, omfang

3 stp

Studienivå (studiesyklus)

master og Ph.D

Undervisningssemester

Haust

Krav til forkunnskaper

Fullført 6. semester medisin.

Masterstudie i forløp, eller fullført bachelorgrad tilsvarande opptakskrav til masterprogram

Gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Anbefalte forkunnskaper

Studiepoengsreduksjon

SDG928 - full overlapp

Krav til studierett

Ph.D.-kandidatar ved alle fakultet vil ha førsteprioritet. Studentar i masterløp ved alle fakultet ved UiB. Kurset er særskilt anbefalt for masterstudentar ved master i global helse, andre tilsvarande masterprogram og medisinstudentar. Studentar med studierett ved andre partnarinstitusjonar/universitet kan også søke opptak til kurset.

Arbeids- og undervisningsformer

- Undervisning, inkludert Case-basert læring (CBL) og Team-basert læring (TBL), fulle dagar i ei veke.

- Gruppearbeid basert på tidlegare definerte øvingar kvar ettermiddag, og arbeid med individuelle oppgåver

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- 80% oppmøteplikt på praktiske sesjonar som gruppearbeid

- godkjent gruppearbeid, inkludert presentasjon

- elektronisk kursevaluering

- Ph.D.-kandidatar må også levere og få godkjent essay (SDG928)

Vurderingsformer

Presentasjon i grupper

(For Ph.D.-kandidatar er det essay i tillegg (3000 ord))

Karakterskala

bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturliste er i Leganto

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Førebuing til presentasjon av gruppearbeid vil foregå i grupper, og alle hjelpemidlar er tilletne. Presentasjonen og svar ved eksaminasjon vil reflektere studenten sine kunnskapar og ferdigheiter.

Programansvarlig

Programutvalet for medisin (PUM)

Emneansvarlig

Professor Esperanza Diaz

Administrativt ansvarlig

Pierina Benavente Pierina.Benavente@uib.no