Examen philosophicum - skuleeksamen

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Examen philosophicum skal gi filosofiske perspektiv på sentrale spørsmål innan psykologien og studentane sin fagkompetanse, som gjer dei i stand til å nytte denne på ein kritisk og analytisk måte. Studentane skal gjere seg kjent med verktøy ein kan bruke til å analysere tekstar og bidra til klårleik i språkbruk og argumentasjon, både innanføre eige fagfelt og i det breiare akademiske og offentlege ordskiftet.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for psykologien og psykologiens historie, til dømes kunnskapsteori, sinnsfilosofi, vitskapsfilosofi, filosofiske menneskesyn, etikk og språk- og argumentasjonslære.

Dugleikar og kompetanse

Studenten meistrar

- bruk av filosofiske omgrep i analytisk og kritisk drøfting av problemstillingar frå psykologi og offentleg debatt

- bruk av språk- og argumentasjonsteori på tekstar innanfor psykologifaget og i offentleg debatt

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Studiepoengsreduksjon

Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og talet på vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen, § 8-1.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Ein skriftleg skuleeksamen (4 timar).

Karakterskala

I vurderinga på emnet nyttar ein karakterskalaen A-F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Examen philosophicum har spesialtilpassa pensum for kvar fakultetsvariant.

Emneevaluering

Evaluering av ex.phil. vert gjort med jamne mellomrom.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne på eksamen. (Men studentar utan norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker.)

Programansvarlig

Utval for Examen philosophicum

Emneansvarlig

Administrativt ansvarlig

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium