Glasiologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med emnet er å gi ei dypere og meir kvantitativ forståing av glasiale prosessar og interaksjonar mellom vêr/klima og isbrear. Emnet inneheld interaksjonar mellom snø, is og klima, modellering av massebalanse, temperatur i isbrear, bre-hydrologi og bre-dynamikk. Prinsipp for isbremodellering og glasiologisk feltarbeid vert presentert. Studentane lagar si eigen bre-modell i Phyton og analyserar data frå feltarbeidet. Emnet omfatter også feldundervising på Folgefonna (inkl. overnatting i nærheten). Alle studentar skal presentere og oppsummere ein fagfellevurdert artikkel i plenum.

Læringsutbytte

Etter å ha fullført kurset GEOV325 skal studenten kunne:

Kunnskap:

  • Skildre prinsippa for massebalansemodellering og målingar
  • Skildre prinsippa for isbrebevegelse og bredynamikk
  • Forklare temperaturforhold og fordeling i isbrear og isdekke
  • Forstå korleis isbrear og klima samhandlar, med vekt på forskjellar mellom marine og kontinentale klima
  • Skissere korleis klimaendringar påverkar dei enkelte delane av overflatemassebalansen
  • Skildre tydinga av flytande vatn i isbrear
  • Forstå prinsippa for samspelet mellom kontinentale isdekke og den faste jorda, og tydinga av denne prosessen for isdekkestabilitet og glasiale syklusar
  • Drøfte hovudprinsippa for isbremodellering

Ferdigheiter:

  • Implementere teoretisk kunnskap om glasiologi i ein numerisk modell
  • Ha praktisk erfaring med glasiologiske feltmetodar som akkumuleringmåling, grunnpenetrerande radar og luftfotogrammetri
  • Analysere og kvantifisere samspelet mellom snø, is og klima i sin eigen modell
  • Teste effekten av ulike klimavariasjonar (temperatur, nedbør) på isbreens massebalanse
  • Presentere utvalde glasiologiske emne for medstudentar

Generell kompetanse:

  • Oppsummere og presentere innhaldet i aktuell fagfellevurdert litteratur innan glasiologi
  • Løyse differensiallikningar numerisk
  • Implementere og operere ein isbremodell skrive i Python-språket

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår.

Emnet vert ikkje undervist ved lågt studenttal og inngår derfor i undervisningsopptaket. Meir info: https://www.uib.no/nt/53575/undervisningsopptaket-ved-nt-fakultetet

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Bachelor i geologi, naturgeografi eller tilsvarende.

Anbefalte forkunnskaper

Studiepoengsreduksjon

5 sp overlapp med UNIS-emnet AG325 "Glaciology"

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisingen vert gjeven som førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i 75% av undervisninga

Vurderingsformer

Mappevurdering med presentasjon. I tillegg til presentasjonen består mappa av to rapportar, ein om modellering (80%) og ein om feltarbeid (20%).

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Mappevurdering i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Lærebok, datamaskin

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.