Paleoseanografi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet er eit avansert seminar med fokus på å formidle forståing for aktuelle vitskaplege debattar i paleoseanografi med vekt på den siste glasiale syklus. Emnet analyserer geologiske bevis på korleis havsirkulasjon og kjemi har variert tilbake i tid, kva som driv desse endringane, og kva for effekt endringane har på mellom anna klima og klimagassar. Verktøya for å undersøke endringar i havsirkulasjonen, som proksiar (f.eks. 18O, 13C, Cd, Mg, Nd, Sr, Pa/Th, sorterbar silt, 14C, etc.) og datamodellar vert studert. Studentane skal nytte primærkjelder til å skaffe seg innsikt i korleis vitskaplege framsteg vert gjorde, og for å lære objektiv og kritisk tolking og vurdering av resultat, samt diskutere tydinga av resultata.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan summere opp havsirkulasjon i tidlegare tider, og forklare korleis den skilte seg frå den moderne tilstanden
  • kan forklare metodar som vert nytta til å rekonstruere havet sin kjemi og sirkulasjon, og moglege feil i samband med kvar metode

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og tolke data og trekke logiske slutningar om tidlegare endringar i havet
  • kan formulere og presentere vitskapelige argument og konsept
  • kan kritisk vurdere vitskapelige studiar for robustleik, logisk og empirisk konsekvens, klarheit, og reflektere over tydinga av eit resultat

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeide og diskutere i grupper for å kollektivt tolke vitskapelege data
  • kan presentere, diskutere, og kritisk vurdere primær litteratur
  • kan formulere ein vitskapeleg hypotese og designe eit eksperiment for å teste hypotesen

Studiepoeng, omfang

5 stp.

Studienivå (studiesyklus)

Masteremne

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

GEOV101

Instituttet kan vurdere fritak frå forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet.

Anbefalte forkunnskaper

Studiepoengsreduksjon

5 sp overlapp med GEOL326

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram ved Fakultet for naturvitskap og teknologi https://www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av seminar.

Seminar, 2 timer i veka over 14 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte på seminar.

Vurderingsformer

Mappevurdering:

- presentasjon

- prosjektsøknad

- aktivitet i undervisning

Obligatorisk aktivitet er kun gyldig eitt semester.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Det er berre mogleg å vurderingsmelde seg og levere inn prosjektsøknad og seminararbeid i dei semester emnet vert undervist.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.