Sekvensstratigrafi og "Source-to-sink"

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet har som mål å introdusere studentane for grunnleggjande kunnskapar i sekvensstratigrafi og «source-to-sink» samt å vise korleis kunnskapen vert nytta for betre å forstå korleis sedimentære lagrekkjer er bygga opp i eit tid-rom perspektiv og kva for kontrollar som styrer denne oppbygginga.

I emnet går ein gjennom grunnleggjande begrep, prinsipp og metoder både i «source-to-sink», frå sedimentproduksjon via transport til avsetjing, og i sekvensstratigrafi, frå korleis sedimentære lagrekkjer kan delast inn i genetiske eininger til kva for prosessar som styrer utviklinga gjennom tid. Prinsippene klårgjerast ved hjelp av eksempel og studentane får selv nytte metodene på borkjerner frå norsk sokkel.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • kan greie ut om konsept og metoder i «source-to-sink» og sekvensstratigrafi
  • kan forklare danninga av viktige diskontinuitetsflater og dele ei lagrekkje inn i sekvensar
  • kan greie ut prosessane bak, og effekten av tektonikk, klima, sedimenttilførsel og havnivåendringer på sediment ruting fra kjelde til basseng og sedimentære lagrekkjer si oppbygging

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan framstille og analysere ei sedimentær lagrekkje med vekt på tolking av interne og eksterne kontrollar, avsetjingsmiljø og sekvensstratigrafi
  • kan identifisere genetisk relaterte eininger og deira mellomliggjande diskontinuitetsflater
  • kan vurdere kva for kontrollar som ligg til grunn for sediment produksjon, transport og avsetjing samt stabling og geometri av sedimentære lagrekkjer

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke kunnskapen og ferdigheitane oppnådd i emnet i praktisk arbeid knytta til reservoarkarakterisering og evaluering av bassenginnfylling for CO2 depon, akviferar, og petroleumsførekomstar

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Mastergrad

Undervisningssemester

Haust. Emnet vert ikkje undervist hausten 2026.

Undervisningssted

Bergen, samt kjernekurs ved Equinor Sandsli

Krav til forkunnskaper

GEOV101, GEOV102, GEOV107 og Bachelor i geologi/anvend geofysikk eller tilsvarande

Anbefalte forkunnskaper

Studiepoengsreduksjon

5STP for studenter som også tar AG323/823 (UNIS)

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram ved Fakultet for naturvitskap og teknologi https://www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av forelesingar (1-2 timer per uke), øvingar (1-2 timer per uke) og arbeid i kjernevisingsrom (4 dagar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske øvingar, obligatorisk arbeid i kjernevisingsrom. To obligatoriske øvingar (seismikk- og "source-to-sinnk" øving) og journal frå arbeid i kjernevisingsrom skal evalueras. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige i dei to påfølgjande semestera.

Vurderingsformer

Mappevurdering:

Dei tre obligatoriske øvingane vil bli vurdert samla

Seismisk stratigrafi øving

"Source-to-sink" øving

Kjerne - workshop journal

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Haust. Vurdering er berre mogleg i semester med undervising.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og er gyldig også for det påfølgjande vårsemeseteret. .

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.