Innføring i geofag og berekraft: Jordas struktur og indre prosessar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i nokon av dei mest sentrale delane av geologifaget med fokus på Jorda si oppbygnad, samansetning og prosessar som verkar i Jorda sitt indre. Emnet er spesielt retta mot lærarar, og har fokus på geofagdidaktikk, som er relevant for undervisning i både geofag og geografi.

Innhald

Undervisninga er nettbasert og omfattar førehandsinnspelte førelesingsvideoar, refleksjonsbaserte oppgåver og student-drivne øvingar. Emnet gjev ein grunnleggjande introduksjon til Jorda sin interne struktur, klassifikasjon av bergartar og mineral, vulkansk og magmatisk aktivitet, jordskjelv, metamorfose og deformasjon av jordskorpa, samt platetektonikk. Videre tek undervisninga føre seg forvitring, erosjon, transport og avsetjing av sediment danning av sedimentære bergartar, samt ressursar som energi, mineral og malm i eit berekraftsperspektiv. Kurset inneheld tre digitale kveldsseminar med refleksjonsbaserte øvingar og gruppediskusjon, samt ei semesteroppgåve. I tillegg blir det arrangert ei årøeg fysisk samling med rotasjon mellom ulike byar i Noreg (felles med kursa GEOV602 og GEOV603).Denne samlinga er frivillig, og kommer utenom undervisninga.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten kan

  • forklare Jorda si geologiske historie i korte trekk
  • definere og forklare sentrale geologiske omgrep og definisjonar
  • gjere greie for korleis ulike bergartar og mineraler dannes
  • gjere greie for korleis ulike geologiske prosessar (som platetektonikk og tektonisk aktivitet) virkar og samvirkar på jorda.
  • kan diskutere samanhengen mellom årsak og verknad for ulike geologiske prosessar

Ferdigheiter

Studenten kan

  • nytte grunnleggjande fagterminologi og uttrykksformer
  • beskrive ulike geologiske prosessar som kontinentaldrift, bergartsdanning og tektonisk aktivitet.
  • gjennomføre søk etter relevant litteratur, vise forståing av kjeldekritikk og nytte korrekt kjeldetilvising
  • lese og forklare enkle grafar og figurar med geologisk informasjon

Generell kompetanse

Studenten kan

  • nytta eit presist geologisk fagspråk til å skildre geologiske prosessar og hendingar
  • demonstrere evne til å arbeide individuelt
  • demonstrere evne til å arbeide i grupper
  • formidle emnet sin relevans i samfunnet
  • nytta geofagdidaktiske metodar for å formidle geofag

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Lågaregradsemne

Undervisningssemester

Haust

Krav til forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

5 studiepoeng overlapp med GEOL101/GEOV101

Krav til studierett

Kurset er åpent for alle

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førehandsinnspelte videoførelesningar og oppgåvevideoar, samt digitale kveldsseminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på kveldsseminar, og innlevering av semesteroppgåver.

Vurderingsformer

Mappevurdering beståande av innlevert seminaroppgåve, fagfellevurdering av skriftleg oppgåve, refleksjonsnotat og quizar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vurdering i semester med undervisning.

Litteraturliste

Lærebok «Earth: Portrait of a Planet» av Stephen Marshak (7. utgåve)

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt: studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet.