Norsk politikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet skal gje ei teoretisk og empirisk forståing av det norske politiske systemet. Oppbygginga av det politiske systemet, tilhøyrande institusjonar og samanhengen mellom desse er viktige tema for emnet. Det vert lagt vekt på formelle politiske institusjonar, aktørar og politisk adferd. Emnet vil kaste lys på Stortinget, regjeringa, forvaltninga, Sametinget, kommunar, fylkeskommunar, valgsystem, parti og Noreg sitt forhold til EU. Velgeradferd og handlingar i og av politiske institusjonar, som Storting, regjering, forvaltning og parti, vil vere tema.

Emnet startar med ein gjennomgang av teoriar om stats- og nasjonsbyggjing og går vidare til å sjå på utvikling av forvaltninga i lys av desse. Den empiriske delen av emnet vil vere organisert ut fra den horisontale og vertikale maktdelinga i systemet. Den demokratiske styringskjeda og forholdet mellom politikk og forvaltning er her sentralt. Emnet drøftar korleis politiske og administrative strukturar og prosessar på nasjonalt, regionalt, lokalt og overnasjonalt nivå påverker offentleg politikk.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • Gjere greie for utviklinga av det norske politiske og administrative systemet.
  • Gjenkjenne og gjere greie for dei viktigaste institusjonane i det norske politisk- administrative systemet, som Stortinget, regjeringa, sentralforvaltninga og kommunale styringsorgan.
  • Forklare viktige system og normer for forvaltning og styring.
  • Gjere greie for korleis politikk vert påvirka gjennom utforming, vedtak og iverksetting - av forvaltninga, av interessegrupper, borgarar og andre krefter og aktørar

Ferdigheiter

Studenten kan

  • Drøfte utfordringar og problem i det politisk-administrative systemet
  • Gjere analyser av korleis utforming og iverksetting av offentlig politikk vert forma av politisk-administrative rammer

Generell kompetanse

Studenten kan

  • Sjølvstendig analysere og vurdere kunnskap frå ulike kjelder.
  • Planlegge og gjennomføre arbeidsoppgaver som deltagarar i gruppe, og i tråd med etiske krav og retningsliner.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

AORG100A / AORG100B / GOV100

Studiepoengsreduksjon

  • NUTR220 (10 sp)
  • AORG103 (10 sp)
  • GOV103 (10 sp)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Inntil 10 førelesingar og 8 seminarsamlinger

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk arbeidskrav i form av ei gruppeoppgåve 2000 ord (+/- 10%). Gruppeoppgåva må vere godkjend før eksamen kan avleggast. Arbeidet med oppgåva vert organisert i seminargrupper.

Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Seks timar skriftleg skuleeksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Studentar kan etter 1. august melde seg opp sjølv i studentweb.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.

Programansvarlig

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarlig

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.