Historiedidaktikk for master i historie (lektorutdanning)

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet skal gi studentane ei vidareføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor tre hovudområde:

- Demokrati og demokratilæring

- Historie sin samfunnsmessige funksjon

- Undervisning i kontroversielle tema

Læringsutbytte

Studentane skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • Korleis historie kan verka både frigjerande/inkluderande og undertrykkande/ekskluderande
  • Kva som kan opplevast som kontroversielle historiske tema i ulike settingar i tid og rom.
  • Korleis historie kan brukast til ulike føremål i samtida

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og kritisk drøfte og vurdere læreplanar, lærebøker og andre læremiddel for historiefaget i norsk skule
  • kan planleggje, gjennomføre og evaluere eiga undervising og vurdere elevane sitt læringsutbytte
  • kan undersøke læring i eige klasserom ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori og reflektere over dette skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

Studenten

  • kan nytte fagleg og fagdidaktisk kunnskap for å utvikle eigen og andre sin undervisningspraksis
  • kan på fagdidaktisk grunnlag leggje til rette for at historiefaget blir ein arena for elevane si demokratiske danning
  • kan reflektere over eiga rolle som forvaltar av samfunnet sin historiekultur.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

100-nivå og 200-nivå i historie; 100-nivå i fag II og gjennomført praksis i skolen i 7. semester.

Anbefalte forkunnskaper

Normal studieprogresjon på lektorprogrammet

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Opptak til lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap (med historie som fag 1) ved Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatorisk frammøte på minst 60% av forelesings- og seminarundervisninga
  • Eit refleksjonsnotat knytt til erfaringar frå praksis

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestra.

Vurderingsformer

Rettleia semesteroppgåve på om lag 2500 ord. Oppgåva må ikkje overskride 3000 ord.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Instituttet utarbeider litteraturliste på om lag 800 sider.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Det humanistiske fakultet

Emneansvarlig

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Administrativt ansvarlig

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap