Parallell programmering

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Emnet gir eit oversyn over arkitektur og inter-prosessor nettverk for parallelle datamaskinar. Grunnprinsipp for utvikling av effektive parallelle algoritmar blir gjennomgått, med døme frå enkle numeriske problem, sortering og grafproblem. Tilpassing av algoritmar til spesielle maskinarkitekturar blir diskutert.

Innhald:

Aktuell teori vert gjennomgått på forelesingar saman med døme på korleis ein utviklar parallelle dataprogram. Studentane får deretter sjølve løyse programmeringsoppgåver på parallelle datamaskinar. Ein stor del av undervisinga er praktisk retta.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • forstår den grunnleggjande oppbygginga og bruk av parallelle datamaskinar.
  • er fortrulig med innhaldet i og kan bruke dei vanlegaste omgrepa for korleis ein måler ytinga til parallelle algoritmar og tilhøyrande algoritmar.
  • kjenner til framgangsmåtar for å utvikle dataprogram for ulike typar parallelle datamaskinar.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • optimalisere sekvensiell kode for raskast mogleg utføring.
  • analysere sekvensielle program og avgjere om dei er formålstenlege å parallellisere.
  • utvikle, analysere og implementere algoritmar for parallelle datamaskinar. Dette gjeld både maskinar med felles minne og med distribuert minne.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • utføre utviklingsarbeid og analyser relatert til bruk av parallelle datamaskinar.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er delt opp i teoretisk undervisning og praktisk undervisning. I begge deler blir det gått gjennom nytt stoff, så studenten forventast å følgje begge former for undervisning.

Teoretisk undervisning går føre seg i ein forelesingssal: 4 timar i veka.

Praktisk undervisning går føre seg 2 timar i veka der studentane nyttar sin eigen datamaskin.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester; det semesteret aktiviteten godkjennast samt det påfølgjande semesteret. Det vil bli gjeve tilgang til parallelle datamaskinar, men studentane må også rekne med å måtte bruke eigen datamaskin i undervisninga.

Vurderingsformer

Mappevurdering. Mappa består av innleveringar og skriftleg skuleeksamen (3 timar). Både innleveringar og eksamen må vera bestått då elementa testar emnet sitt læringsutbyte. Vektinga blir kunngjort på Mitt UiB ved semesterstart.

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret. På første påfølgjande tidleg eksamen vert resultat frå resten av mappa vidareført.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.no">studierettleiar

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.