Lineær programmering

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet tek for seg løysingsmetodar for lineære optimeringsmodellar. Tema som vert dekka er mellom anna simplexmetoden og indrepunktsmetoden for lineær programmering, nettverksalgoritmar, dualitetsteori og sensitivitetsanalyse.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kandidaten

  • kan forklare korleis eit lineært optimeringsproblem kan løysast.
  • kan gjere greie for det matematiske grunnlaget for løysingsmetodane.
  • kan analysere løysinga til eit lineært optimeringsproblem.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor / Master / PhD

Undervisningssemester

Haust

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Studiepoengsreduksjon

I172: 10 SP

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar, 4 timar i veka
Gruppeøvingar, 2 timer i veka

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennast samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen på campus.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Kalkulator og ei valfri utgåve av læreboka R.J. Vanderbei: Linear Programming – Foundations and Extensions. Utskrifter av boka er tillatne.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.