Sikre protokollar for nettverk og kommunikasjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Nettverks- og kommunikasjonssikkerheit er ein viktig del av IT-sikkerheit sidan dei fleste cyberangrep blir utførte anten ved hjelp av nettverkstilkoplingar eller er retta mot nettverksinfrastruktur. Kurset fokuserar på dei vanlegaste svakheitene og angrepa på nettverksprotokollar, og på bruk av sikkerheitsprotokollar og verneteknikkar for datanettverk og kommunikasjon. Det vil også undersøkja nokre standardverktøy for automatisert testing og overvaking av nettverkssikkerheit. Gjennomføring av kurset vil bidra til ei betre forståing av nettverkssikringsrisikoar og korleis ein kan møta dei.

Innhald:

TCP/IP-modell

Nøkkeldistribusjon - Kerberos og PKI

Applikasjonslaget sikkerheit (HTTPS, DNS og BGP)

Transport Layer Security (TLS)

Denial of Service (DoS) angrep

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse

Kunnskapar

Studenten

  • kan femlags TCP/IP-modellen
  • kan finne løysingar for nøkkeldistribusjon ved bruk av symmetrisk og asymmetrisk kryptografi
  • kan nettverkssikkerheitsproblem og korleis desse blir handterte på ulike lag av passande sikkerheitsprotokollar

Ferdigheiter

Studenten

  • er i stand til å identifisera potensielle nettverkssårbarheiter og foreslå relevante mottiltak
  • er i stand til å bruka verktøy for testing og overvaking av nettverkssikkerheit
  • er i stand til å bruka og fremja sikker nettverkspraksis

Generell kompetanse

Studenten

  • kan forklara sikkerheitsrelaterte problemstillingar for eit ikkje-teknisk publikum, foreslå sikkerheitsløysingar og argumentera for dei.

Studiepoeng, omfang

2,5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust/vår

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Datanettverk

Studiepoengsreduksjon

2,5 studiepoeng overlapp mot INF140 og INF142

Krav til studierett

Oppstart på emnet krev opptak til emne via UiBVidere

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsformene er organisert som nettbasert undervisning og digitale læringsressursar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Vurdering i emnet skjer fortløpande ved bruk av obligatorisk quiz og/eller oppgåver om sentrale tematikkar. Obligatoriske quizar og aktivitetar er berre gyldig i eitt semester (undervisningssemesteret).

Vurderingsformer

Emnet er bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent av faglærar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret

Emneevaluering

The course will be evaluated by the students in accordance with the quality assurance system at UiB and the department

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på MittUiB, kontakt eventuelt studierettleiar@ii.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.