Molekylær fysikalsk kjemi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Emnet har som mål å gje ei innføring i kvantemekanikk, m.a. for rørsler som translasjon, rotasjon og vibrasjon, som gir grunnlag for:

1) Atom- og molekyleigenskapar, kjemisk bindingslære samt intermolekylære krefter.

2) Innføring i viktige spektroskopiske metodar som UV/Vis, IR, MW og NMR.

Statistisk termodynamikk blir brukt til å visa korleis molekylære eigenskapar, frå enkle kvantemekaniske modellar og spektroskopiske data, kan forklara makroskopiske termodynamiske eigenskapar, i første rekkje for ideelle gassar og reaksjonar og jamvekter for desse.

Emnet har også med nokre enkle døme frå tema som adsorpsjon, overflatefenomen (og makromolekyl).

Fritt tilgjengeleg programvare vert nytta til visualisering og utrekningar på kurset.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om dei viktigaste kvantemekaniske prinsippa med eksempel frå enkle rørsletypar
  • har kunnskap om atom- og molekylstruktur, kjemiske bindingar samt intermolekylære krefter
  • har kunnskap om grunnleggjande prinsipp for eit utval av spektroskopiske metodar
  • har grunnleggjande kunnskap om korleis statistisk termodynamikk knyter saman molekylære eigenskapar med makroskopiske termodynamiske eigenskapar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjera enkle kvantemekaniske utrekningar på utvalde system
  • kan bruka spektroskopiske data til å finna informasjon om eigenskapane til små molekyl
  • kan gjera enkle statistisk-mekaniske utrekningar på samlingar av små molekyl i gassfase

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Anbefalte forkunnskaper

Studiepoengsreduksjon

KJEM212: 5stp.

KJEM140: 10 SP

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og kollokvium

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske oppgåver. Deltaking på minst seks kollokvier. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i fem påfølgande semester.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t).

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillat, i samsvar med modellar angitt i fakultetets reglar

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@kj.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.