Undervisning i kontroversielle tema

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet rettar seg mot lærarar som underviser i KRLE og Samfunnsfag (ungdomsskulen) og religion og etikk og historie (vidaregåande skule).

Emnet tek opp og problematiserer undervisning i kontroversielle tema med historisk og samtidig perspektiv. Sentrale temaområder er korleis å undervise om kontroversielle tema, som til dømes konspirasjonsteoriar, rasisme og fordommar, eller 22. juli. Emnet inviterer til å reflektere rundt eigen praksis og utvikle ulike strategiar i møte med kontroversielle tema i klasserommet.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskapar om kva som kan opplevast som kontroversielle tema i ulike settingar i tid og rom.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektera over undervisning i kontroversielle tema.
  • kan perspektivera eiga undervisning i kontroversielle tema.

Generell kompetanse

Studenten

  • har kunnskapar om teoretiske perspektiv og empiriske døme på undervisning i kontroversielle tema.
  • har kunnskapar om tilhøvet mellom kontroversielle tema i undervisninga og samfunnet elles.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master, videreutdanning.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Opptak til erfaringsbasert masterprogram om undervisning i kontroversielle tema.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar og førelesingar. Undervisninga vert organisert som 3 samlingar. Rettleiing på semesteroppgåve.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på 2 av 3 samlingar.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i tre semester: undervisningssemesteret og dei to neste.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve på inntil 3000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Det er eksamen i påfølgjande semester for studentar med gyldige obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Litteraturlista på inntil 1200 sider vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert jamleg.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Insitutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.