Innføring i kulturvitskap

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Kulturvitskapen studerer dagleglivets kultur, det vil seie førestillingar, trusoppfatningar, verdiar og haldningar som styrer våre handlingar i kvardagen. Emnet gir ei innføring i kulturvitskapens tenkemåte ved å analysera utvalde tema som er sentrale i faget, som til dømes kulturarv, populærkultur, etnisitet, kjønn og førestillingar om helse og sjukdom. Kulturelle prosessar i samtid og fortid vert presentert og dannar utgangspunkt for diskusjonar om betydinga av kultur i våre liv.

Emnet tar sikte på å gi ei innføring i kulturvitskaplege perspektiv og problemstillingar. Emnet skal gi studentane kunnskapar dei kan byggja på ved seinare studiar i kulturvitskap.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap Studenten - har tileigna seg kunnskapar om utvalde kulturelle tema. - har fått grunnleggjande innsikt i kulturvitskaplege tenkjemåtar.

Ferdigheiter Studenten - har tileigna seg oversikt over viktige tema i faget og kan skriva ein resonnerande tekst som omhandlar desse tema.

Generell kompetanse Studenten - kan diskutera faglege tema innafor kulturvitskapen med andre med bakgrunn frå fagområdet.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å svare på 3-6 fleirvalgsprøver og quizer.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i eitt semester etter at dei var godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 4 timars skoleeksamen. Det blir forventa eit oppgåvesvar på inntil 1500 ord. Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust.

Litteraturliste

Pensum er om lag 800-1000 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluere emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.