Museologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Museologi tematiserer kva som kjenneteiknar eit museum og kva rolle musea har i samfunnet. I museologi blir det lagt vekt på dei ulike funksjonane til musea så som forsking, forvaltning og formidling av materiell og immateriell kulturarv. I emnet står kulturhistoriske og kulturvitskaplege perspektiv på musealisering sentralt i undersøkinga av kvardagsgjenstandar som blir del av ei samling og gjort om til museumsobjekt. Museologi gir eit breitt overblikk over framveksten av ulike museumsformer og kva kunnskapskontekst dei var del av. Emnet tematiserer òg dei etiske og forvaltningsmessige utfordringane som musea møter i et mangfaldig samfunn og ser nærare på kva rolle musea har i framstillingar av identitet, historie, kultur og miljø.

Læringsutbytte

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • kjenner til den historiske utviklinga av ulike museumsformer og kva kunnskaps- og vitskapskontekster dei var del av
  • kan gjere greie for dei viktigaste oppgåvene til musea så som forsking, samlingsforvaltning og formidling
  • har ei forståing av rolla til musea i samfunnet før og no
  • har eit oversyn over sentrale omgrep, metodar og teoretiske perspektiv frå museologisk faglitteratur

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytta analytiske perspektiv frå museologi til å kritisk undersøkje kunnskapsproduksjon i musea
  • kan nytta kulturvitskaplege teoriar for å forstå korleis musealisering endrar ein gjenstand sin betydning og verdi
  • kan bruke omgrep og døme frå faglitteraturen for å forklare etiske problemstillingar og utfordringar i tilknyting til museumsinstitusjonen

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan nytte sentrale museologiske perspektiv på museumsinstitusjonen
  • kan fremme kritiske synspunkt på museas historiske samlingspraksis, representasjonar av kultur og rolle i nasjonsdanninga
  • kan analysere utstillingar ved hjelp av teori og metode frå museologisk faglitteratur
  • kan gjere greie for dei viktigaste funksjonane til dagens museum og sjå desse i samanheng med kvarandre

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Studentane må kunne lese pensum på skandinaviske språk og engelsk, i tillegg til norsk.

Studiepoengsreduksjon

Fullt overlapp med KUVI203 og KUVI258

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga består av forelesningar, seminar og ekskursjonar til lokale museum. Det vil bli lagt vekt på studentens aktive involvering i faglege diskusjonar i undervisninga.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Éi obligatorisk oppgåve og deltaking på museumsekskursjonar.

Nærare retningslinjer for dei obligatoriske undervisningsaktivitetane blir gitt i Mitt UiB.

Obligatoriske aktivitetar er gyldige i undervisningssemesteret, plus det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ein skuleeksamen på 6 timar.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Det blir nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår / haust

Litteraturliste

Instituttet utarbeider litteraturliste. Litteraturlista er på om lag 1200 sider. Litteraturlista for vårsemesteret vil vere klar innan 1.12.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Programansvarlig

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Emneansvarlig

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Administrativt ansvarlig

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap