Forsking i praksis

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Dette er eit forskingsnært emne som springer ut av pågåande forskingsprosjekt i kulturvitskap. Det tematiske innhaldet vil vere avhengig av kva forskar som underviser, og vil derfor variere. Studentane skal tileigne seg kunnskap om forskingsfeltet, samtidig som dei får eit innblikk i forskingsprosessane og materialbruken.

For omtale av temaet som vert tilbydd inneverande semester, sjå her.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan bruke kunnskapane om kulturelle fenomen og prosessar til å bidra til nye innsikter om kultur og samfunn.
  • har spesialkompetanse på eit aktuelt kulturvitskapleg forskingsfelt.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan fortolke og reflektere kritisk over konkrete kulturelle fenomen.
  • kan formidle aktuell forsking.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle kunnskap om eit forskingsfelt og bruke fagets terminologi.
  • kan forstå og fortolke kulturell kompleksitet, endring og stabilitet.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Studentane må kunne lese pensum på skandinaviske språk og engelsk, i tillegg til norsk.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Opptak til masterprogrammet i kulturvitskap

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, seminar og rettleiing. Undervisninga går føre seg i første del av semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere inn to utkast til eksamensoppgåva. Første utkast skal vera på om lag 1000 ord, andre utkast skal vera på om lag 2000 ord. Faglærar gir skriftlege tilbakemeldingar.

Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på om lag 3000 ord.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

A til F, der A er høgste karakter og F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum er på 1200-1500 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.