Anvendt kvanteteknolgi og kvantesensing

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Emnet har som mål å gje studenten ein grundig innføring i kvanteteknologi gjennom teori og bruk.

Innhald:

Emnet tar for seg teori og bruk av ulike kvantesystem slik som kvantesensorar, kvantedatamaskiner, kvantealgoritmar med fleire. Eksperimentell forståing er vektlagt i emnet og det er lagt opp med 4 emneblokkar for gjennomgang og gruppearbeid av teori, med påfølgande eksperimentelle laboratorieøvingar.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan forklara korleis ein utnytta kvantefysikkens prinsipp til å lage avanserte kvantesensorar, til kvanteinformasjonsteknologi, og for å utføre komplekse berekningar.
  • kan forklara kvanteteknologi og viktige bruksområde av kvanteteknologi innan forsking og samfunn.
  • kan gjere nytte av kvanteprogrammering gjennom Qiskit eller andre verktøy med åpen kildekode (PennyLane e.l.)
  • utføre gjengi og utføre kvanteeksperimenter som er gjennomgått i emnet.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere data frå utvalde kvantesensorar
  • kan utføre enkle kvantekomputer beregninga ved bruk av Qiskit eller andre verktøy med open kildekode (PennyLane e.l.)
  • kan utføre målingar med eit utval av kvantesensorar

Generell kompetanse

Studenten

  • har fått kunnskapar om kvanteteknologi og bruk av denne.
  • har fått trening i å samarbeide med medstudentar for å løyse komplekse oppgåver.
  • har fått trening i å legge fram komplekse problem gjennom ulike medium på ein forståeleg måte for medstudentane.
  • har fått erfaring frå praktisk og eksperimentelt arbeid på lab.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10 sp

Studienivå (studiesyklus)

Master (heisemne mulig for PhD studentar)

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Krav til forkunnskaper

Kvante101, phys118, phys112

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det eit krav om at du har ein studierett knytt til Integrert masterprogram i kvanteteknologi (sivilingeniør) ved Fakultet for naturvitskap og teknologi.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir basert på 4 modular og gis i form av førelesningar, laboratoriegrupper og prosjektarbeid. Ein modul varar ca. 4 veker og inneheld:

• Førelesningar (4 timar) og kollokvie (2 timar) (1 veke)

• Prosjektarbeid og førebuingar (6 timar, 1 veke)

• Laboratoriearbeid (6 timar, 1 veke)

• Prosjektarbeid med rapport (6timar, 1 veke)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

4 labrapporter. Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i to påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

Vurderingsformen i emnet er mappeinnlevering i form av laboratorierapportar (tel 100%). Laboratorierapportane vil bli gradert på en skala 0-100 som fylgjer en detaljert rubrikk.

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er kun eksamen i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studie.fysikk@uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi v/Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.