Morfologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

I morfologi skal studentane setje seg inn i følgjande emne og gjere greie for dei:

  • avgrensing mellom morfologi og fonologi;
  • type/varians-omgrep: morfem, morf, allomorf, morfofonologisk veksling;
  • forskjellige ord-omgrep: syntagmatisk ord, ordform, morfo-syntaktisk ord, leksem;
  • konstruksjonstypar i ord: stammedanning (samansetjing, avleiing) og bøying;
  • emne frå grenseområdet morfologi/syntaks: ulike definisjonsgrunnlag for ordklasseinndeling, viktige morfologiske og syntaktiske kategoriar av nominal og verbal type i ymse språk;
  • hovudmodellar for beskriving av språk: prosess og arrangement.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten kan...

  • gjere greie for viktige utgangspunkt innan moderne morfologisk teori
  • omskrive viktige omgrep og modellar innan morfologi

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • vurdere og samanlikne morfologiske beskrivingar
  • nytte metodar og omgrepsapparatet innan morfologi

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • bruke lingvistisk argumentasjon i samband med morfologiske fenomen
  • ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine analysar

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

-

Studiepoengsreduksjon

LING120 (5 stp.)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, omlag 20-24 timar pr semester.

Øvingsoppgåver med gjennomgåing i seminar kan kome i tillegg.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal levere ei obligatorisk oppgåve, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk undervisningsaktvitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.

Vurderingsformer

Sluttvurdering i form av ein skriftleg skuleeksamen på 4 timar.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Pensum på omlag 350 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel tillatne.

Programansvarlig

Programstyret for lingvistikk

Emneansvarlig

Programstyret for språkvitskap

Administrativt ansvarlig

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium