Språkvariasjon i tid, rom og samfunn

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Kurset tar for seg vekslande tema innanfor språkvariasjon i tid, rom og samfunn, til dømes språktypologi, diakron lingvistikk og sosiolingvistikk.

Språktypologi er studiet av dei systematiske likskapane og ulikskapane mellom dei grammatiske, morfologiske, fonologiske og semantiske systema i naturlege språk i verda, og vokabularstrukturen deira.

Diakron lingvistikk er studiet av endring av naturlege språk over tid, påvirka av språkinterne prosessar eller av andre språk.

Sociolingvistikk er studiet av språkvariasjon i samfunnsgrupper.

Kurset tek opp korleis ein kan forstå variasjon og endring som konsekvensar av samfunnstilhøve, historiske endringar og psykolingvistiske prosessar i samverknad med språkinterne grammatiske og lydlege strukturar. Det vil variere kva for sider av dette feltet det vert lagt vekt på kvar gong kurset vert gjeve.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten kan:

  • gjengi og drøfte problemstillingar og teoriar innan språkvariasjon
  • knytte desse problemstillinger til teoriar om til dømes språkuniversaliar, historiske eller samfunnsmessige endringar

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • analysere og kritisk vurdere ulike data, metodar og informasjonskjelder og nytte dei til å strukturere og formulere lingvistiske resonnement

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • analysere språkvitskaplege problemstillingar
  • kommunisere om lingvistiske problemstillingar, analysar og konklusjonar

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår. Emnet er under utfasting, og siste undervisningssemester er våren 2027.

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen.

Anbefalte forkunnskaper

EXFAC00SK og dei obligatoriske lingvistikkemna på 100-nivå er sterkt anbefalte forkunnskaper.

Studiepoengsreduksjon

LING251 (5 stp).

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, om lag 2 timar per veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal levere ei obligatorisk øvingsoppgåve. Obligatorisk undervisningsaktivitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.

Vurderingsformer

Skuleeksamen 3 timar.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med godkjente obligatriske aktiviteter. Emnet er under utfasing, og siste vurderingssemester er våren 2027.

Litteraturliste

Det blir lagt opp eit pensum på om lag 150-200 sider vitskapleg litteratur i tilknyting til dette emnet. Innhaldet vil variere etter kva for sider av dette feltet det vert lagt vekt på kvar gong kurset vert gjeve.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen.

Programansvarlig

Programstyret for lingvistikk

Emneansvarlig

Programstyret for språkvitskap

Administrativt ansvarlig

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium