Farmakologi for manuellterapeutar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Overordna mål:

Farmakologi er eit studium av interaksjonar mellom medikament og den levande organismen.

Kurset skal gi kunnskap i generell og spesiell farmakologi.

Innhald:

Generell farmakologi; Lokalanestetika; Analgetika; Antimikrobielle middel; Psykofarmaka; Anestetika/anxiolytika/sedativa; Legemiddel ved hjarte- og karsjukdomar; Legemiddel som verkar på blodet; Hormonpreparat; Biverknader frå medikament på muskel/skjelettt-systemet; Interaksjonar med bivirkninger i muskel/skjelettsystemet; Reseptlære; RELIS; Bruk av Felleskatalogen.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap - Studenten kan gjere greie for:

  • generelle prinsipp for legemiddels verknad på kroppen (farmakodynamikk), samt dei viktigaste prinsippa for korleis legemiddel verker på målprotein i kroppen.
  • generelle prinsipp for legemiddels opptak, fordeling og omseting i kroppen, samt utskiljing frå kroppen (farmakokinetikk).
  • dei forskjellige legemiddelgruppene, samt gjere greie for dei viktigaste legemidla til behandling av muskel/skjelett-systemet.
  • dei vanlegaste biverknadane av legemiddel på muskel/skjelett-systemet.
  • for hovudprinsippa for farmakologisk terapi av muskel/skjelett plager.

Ferdigheiter - Studenten kan:

  • vurdere korleis dei vanlegaste biverknadane av eit legemiddel verkar inn på behandlingsforløpet
  • veilede pasientar med tanke på farmakologisk terapi av muskel-/skjelettplager.

Generell kompetanse - Studenten kan:

  • kommunisera med pasientar og helsepersonell om legemiddelbruk, samt verknadar og biverknadar av legemiddel.
  • vurdere legemiddelinformasjon og faglitteratur kritisk.

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Universitetet i Bergen

Krav til forkunnskaper

Søkarar må ha bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarande og norsk autorisasjon som fysioterapeut. I tillegg må det dokumenterast at søkar har starta på, eller fullført, eit mastergradsstudium i manuellterapi tilsvarande klinisk matergradsstudium i manuellterapi ved Universitetet i Bergen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Ja

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar 20 timar (a 45 minutt)

Undervisninga omfattar ei fagspesifikk førelesningsrekkje i farmakologi, samt førelesingar integrert i anna undervisning som kollokvier og gruppearbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk

Vurderingsformer

Skriftleg avsluttande prøve, MCQ 2 timar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturliste er i Leganto

Emneevaluering

Emneevaluering i tråd med UiB sitt kvalitetssystem for utdanning

Hjelpemiddel til eksamen

.

Programansvarlig

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Emneansvarlig

Jan Magnus Bjordal

Administrativt ansvarlig

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Erlend Nåmdal