Leiar-, team og organisasjonsutvikling

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Med utgangspunkt i tonegjevande teoriar og metodar skal studentane oppnå forskingsbasert kompetanse i kva for faktorar som bør vektleggjast for å utvikle leiarar, grupper og organisasjonar. Føremålet er å gje studentane eit grunnlag for kritisk refleksjon kring relevante teoretiske perspektiv og modellar, empirien i fagfeltet, samt bruksretta metodar for leiar-, team- og organisasjonsutvikling. Vidare er det eit siktemål at studentane skal tileigne seg brei kunnskap om korleis leiings-, leiar-, team-, og organisasjonsutvikling som fagfelt har utvikla seg nasjonalt og internasjonalt.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Ved fullført emne skal kandidaten ha:

  • Inngåande kunnskap om sentrale teoriar og modellar for utvikling av leiarar, team og organisasjonar.
  • Forskingsbasert kunnskap om dei mest sentrale metodane for utvikling av leiarar, team og organisasjonar.
  • Inngåande kunnskap om fagetiske problemstillingar knytt til utvikling av leiarar, team og organisasjonar
  • Kunnskap om sentrale trekk ved utviklinga av fagfelta leiings-, leiar- team- og organisasjonsutvikling i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

Ferdigheiter:

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Reflektere over og drøfte sentrale teoriar og modellar for utvikling av leiarar, team og organisasjonar.
  • Reflektere over og drøfte sentrale metodar for utvikling av leiarar, team og organisasjonar.
  • Nytte sentrale metodar innan utvikling av leiarar, team og organisasjonar.
  • Nytte kunnskap om samanhengen mellom organisasjonsdiagnose og aktuelle OU-metodar.
  • Reflektere over og drøfte sentrale moment i utviklinga av fagfelta leiings-, leiar-, team og organisasjonsutvikling, nasjonalt og internasjonalt.

Generell kompetanse:

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Identifisere og reflektere over sentrale problemstillingar knytt til utvikling av leiarar, team og organisasjonar.
  • Tileigne seg forskingsbasert kompetanse som gjeld det å utvikle leiing, leiarar, team og organisasjonar, og korleis slik utvikling best kan tilretteleggjast.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev opptak ved masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gjeven i form av fleire arbeidsøkter fordelt over fleire dagar, beståande av førelesingar, diskusjonar, gruppeøvingar og studentpresentasjonar, samt eigenaktivitet individuelt og i grupper mellom øktene/samlingane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i undervisning og aktiviteter parvis og i grupper mellom samlingane.

Deltaking på to konsulentoppdrag i form av presentasjon av relevant litteratur for anna gruppe.

Det skal skrivast to arbeid der eit skriftleg arbeid er individuelt og eit skal skrivast saman med ein medstudent.

Godkjent/ Ikkje godkjent på dei to skriftlege arbeida.

Vurderingsformer

Skuleeksamen (6 timar). Studenten skal svare på 2 av 3 oppgåver.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Tilrådd litteratur skal vere klar 01.07 i haustssemesteret og 01.12 i vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel tillatne (med unntak av ordbok. Ordboka må være ikkje-leksikalsk og førehandsgodkjent av fakultetet).

Programansvarlig

Institutt for samfunnspsykologi

Emneansvarlig

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarlig

Det psykologiske fakultet