Epidemiologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Epidemiologi er læra om sjukdommar og sjukdomsframkallande faktorar si utbreiing i befolkninga (deskriptiv epidemiologi) som vert studert med formål å avdekke årsaker til sjukdom (analytisk epidemiologi). Epidemiologi er eit metodefag for medisinsk årsaksforsking. Faget omfattar også kunnskap om dei ulike sjukdommane si utbreiing i tid, stad og for personar. Faget si overordna målsetting er å oppnå kunnskap relevant for førebygging. Metodegrunnlaget kan også rettast mot helsefremmande faktorar og dermed gi kunnskap relevant for helsefremmande arbeid.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne kjenner studenten til:

  • grunnleggande epidemiologisk metode
  • metodegrunnlag relevant for førebygging og helsefremmande arbeid

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • diskutere hovudtypane av studiedesign og deira styrke og ulemper
  • forstå mål på førekomst av sjukdom, mål på assosiasjonar, effektmodifikasjon/interaksjon, og prinsipp for screening
  • vurdere moglege feilkjelder og kausalitet i publiserte studiar
  • bruke kunnskapen til sjølv å kunne planlegge og gjennomføre slike studiar

Generell kompetanse

Etter fullført emne har studenten

  • nødvendig faktakunnskap for sjølvstendig å kunne vurdere publiserte studiar knytt til medisinsk årsaksforsking
  • evne til å reflektere kritisk over vitskapeleg litteratur og kunne delta i diskusjonar

Studiepoeng, omfang

2 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Universitetet i Bergen

Krav til forkunnskaper

Bestått, eller fullført undervisning (herunder forelesing og gruppearbeid) i MEDSTA eller tilsvarande

Anbefalte forkunnskaper

Ingen spesifiserte

Studiepoengsreduksjon

MED6 - 2 studiepoeng

Krav til studierett

Integrert masterprogram i farmasi eller eit av dei 2-årige masterprogramma ved Det medisinske fakultet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning og gruppearbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Individuell test i auditorium

Rettleia gruppearbeid

Vurderingsformer

Gruppeeksamen med skriftlig innlevering, ca. 5 studentar per oppgåvesvar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturliste vil bli tilgjengelig i Leganto

Emneevaluering

Evaluering med rapport til studiekvalitetsbasen kvart 3. år i samsvar med UiB sitt Kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Programansvarlig

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Emneansvarlig

Administrativt ansvarlig

Kirsti Nordstrand