Hovudoppgåve del 1

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

I medisinstudiet skal studentane trene på å gjere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid eller eit innovasjonsprosjekt. Temaet for oppgåva kan være henta frå ulike medisinske fag eller være i skjeringspunktet mellom eit medisinsk fagområde og andre fagfelt, som for eksempel teknologi eller pedagogikk. For det vitskaplege arbeidet skal dei utvikle en vitskapleg tenkje- og arbeidsmetode, og dei skal få erfaring med bruk av data- og litteratursøking innan medisinske fagfelt eller andre relevante fagområde. Dei skal også lære å uttrykkje seg skriftleg om vitskaplege tema med passande terminologi og språk. For innovasjonsprosjekt skal dei gjennomføre eit prosjekt som viser korleis ein kan drive entreprenørskap i forskingsdriven innovasjon eller tenesteutvikling i tenesteinnovasjon.

Dette emnet utgjer den første delen av arbeidet med hovudoppgåva. Studentane skal setje seg inn i prinsippa og regelverket for oppgåva, og dei skal velje rettleiar og tema for oppgåva.

Arbeidet fordeles på to semester, haust og vår.

Læringsutbytte

Etter denne delen av arbeidet med hovudoppgåva har studenten mellom anna følgjande kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kjenner til kva som kjenneteiknar vitskapleg tenkemåte og metode
  • har kunnskap om innovasjon og entreprenørskap, og at dette kan vere tema for oppgåva
  • kjenner til etiske reglar som gjeld ved arbeid med forsking og innovasjon, m.a. med omsyn til personvern
  • kjenner til korleis ein vitskapleg artikkel skal vere oppbygd

Ferdigheiter

Studenten

  • har grunnleggjande ferdigheit i å finne fram til vitskapleg litteratur
  • kan gjere ei enkel vurdering av om ein artikkel oppfyller grunnleggjande vitskaplege krav
  • kan med rettleiing samanfatte planane for eit prosjekt i ein prosjektskildring

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i rolla til forsking og innovasjon i produksjon av kunnskap, og kva relevans det har for klinisk praksis
  • har ei etisk og reieleg haldning til forsking og innovasjonsarbeid
  • viser ei kritisk, men positiv haldning til forskingsresultat
  • kan arbeide saman med rettleiar og ta imot rettleiing

Studiepoeng, omfang

8

Studienivå (studiesyklus)

master

Undervisningssemester

Haust/vår

Undervisningssted

Stavanger

Krav til forkunnskaper

Anbefalte forkunnskaper

Emnet ELMED223-A Innovasjon og entreprenørskap er anbefalt for studentar som ynskjer å skrive hovudoppgåve med tema innan innovasjon og entreprenørskap.

Studiepoengsreduksjon

MEDOPPG

Krav til studierett

Medisinstudiet

Arbeids- og undervisningsformer

Arbeidet med hovudoppgåva byggjer på fleire element i medisinstudiet som høyrer til Akademisk søyle: statistikk, epidemiologi, litteratursøking og -lesing, forskingsetikk og publikasjonsetikk. Det vert òg gjeve eit seminar i 6. semester med relevante tema for arbeidet med hovudoppgåva.

Arbeidet med hovudoppgåva skal skje under rettleiing, og det skal skrivast kontrakt med rettleiaren om arbeidet og om tema for oppgåva før arbeidet startar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det skal leverast ei prosjektskildring innan fastsett frist.

Vurderingsformer

Prosjektskildringa skal leverast og godkjennast.

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

NA

Emneevaluering

Evaluering av emnet går inn i arbeidet til referansegruppa på det einskilde studentkullet, og i skriftleg evalueringsopplegg i regi av studieprogrammet.

Programansvarlig

Programutvalget for medisinstudiet (PUM)

Administrativt ansvarlig

Det medisinske fakultetet, UiB