Vitenskapeleg metode og delinga av erfaring

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet skal sette studenten i stand til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid (masteroppgåve). Studenten skal gjennom kurset få kjennskap til ulike type forskingsdesign og forståing for ulike forskingsmetodiske tilnærmingar. Dei skal kunne vurdere forskingslitteratur kritisk og analytisk og kunne gjere forskingsetiske vurderingar av ulike forskingsdesign. Studenten skal vidare fordjupe seg i ein vald forskingsmetodisk retning, og vere i stand til å gjennomføre og drøfte innsamling og analyse av materiale i tråd med denne retninga.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse

Kunnskapar

Studenten

  • har god kunnskap om ulike vitskapsteoretiske paradigme og forklaringsmodellar
  • har djup kunnskap om kvalitative og kvantitative metodetradisjonar, og deira ulike krav til kva som er gyldig kunnskap
  • har grundig kunnskap om forskingsetiske problemstillingar ved praksisorientert forsking
  • har inngåande kunnskap om ulike metodar for datainnsamling og analyse innan praksisorientert forsking

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge og sette opp eit forskingsdesign innafor anten ei kvantitativ eller kvalitativ metodetradisjon
  • kan diskutere og gjere greie for den teoretiske forankringa til den metodetilnærminga dei vel å fordjupe seg i
  • kan orientere seg i høve til forskingsetiske retningsliner og prosedyrar

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan kritisk vurdere og diskutere forskingsresultat opp i mot forskingsdesign
  • kan diskutere og vurdere forskinga si verdi i utdanningssystemet

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Studentane må ha bestått minimum 30 studiepoeng før ein byrjar på emnet

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Må vere tatt opp på masterprogrammet Master i erfaringsbasert undervising

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert omkring 3 samlingar à to dagar. I desse samlingane møter studenten førelesingar og seminarundervisning. I seminarundervisninga blir det lagt vekt på studentaktive arbeidsmåtar som til dømes diskusjonsgrupper og gruppeoppgåver. Utanom samlingane får studenten obligatoriske heimeoppgåver. Kvar student får tilbod om 3 timar individuell rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande aktivitetar er obligatoriske:

  • 2 heimeoppgåver mellom samlingane.
  • Førebuing til og deltaking på samlingane.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet benyttes karakterskalaen A-F

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

.

Emneansvarlig

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarlig

Det psykologiske fakultet