Musikkhistorie klassisk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Emnet har som mål å auke kunnskap om:

- europeisk kunstmusikk frå antikken til vår tid

- norsk musikkhistorie frå ca. 1800 til vår tid

- stil- og verkanalytiske metodar

Innhald:

Studiet tar opp tema som korleis klassisk musikkhistorie står i ein breiare kunst- og idéhistorisk samanheng.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten..

  • kan gjere greie for stil- og sjangermessige hovudtrekk i kunstmusikken frå den vestlege verda.

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan kjenne att utvalde musikkverk frå dei ulike tidsepokane i musikkhistoria.

Generell kompetanse

Studenten..

  • har eit språk for å beskrive ulike stilistiske og formale trekk ved musikken.

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningssted

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Grunnleggjande kunnskapar i musikkteori, utan at desse treng vere formelt dokumentert.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Bachelorprogram i musikkvitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga består av førelesingar, oppgåverettleiing og lytteseminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Delta på førelesingar.
  • Delta på oppgåveseminar med munnleg presentasjon av 5-10 minuttars varigheit.
  • Ei skriftleg oppgåve på ca. 1500 ord, skrifttype Times 12, 1,5 linjeavstand.

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 700 sider og eit felles lytterepertoar på 20-30 verk.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarlig

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.