Musikkterapeutisk bruksmusikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet gjev ei praktisk og teoretisk innføring i musikkterapeutisk bruksmusikk, altså musikk og musiseringsformer som kan fungere sosialt i brukssituasjonar som er aktuelle i musikkterapien. Undervisning i emnet gjev eit fundament knytt til musikk, gjennom forståing av grunnleggjande musikkteori og oppøving av praktisk musikkdugleik.

Emnet inneheld fleire komponentar:

Musikarskap og anvend musikkteori

Kurset inneheld utvikling av eit praktisk og teoretisk grunnlag for gehørspel og 'plukking' av låtar, arrangering/komponering og bruk av relevante digitale verktøy i musikkterapeutisk bruksmusikk.

Bruksinstrument

Bruksinstrument skal vere eit aktuelt akkompagnementsinstrument, vanlegvis piano eller gitar, og det anbefalast at studentarundervises i sitt svakaste bruksinstrument (gitar eller piano). Studenten bør utvikle dugleik på følgjande område: Besifringsspel og bladspel (på gitar eventuelt spel etter tabulatur), gehørspel og transponering. I den grad det er rom for det, kan ein også arbeide med improvisasjon. Undervisninga tar særleg sikte på å setje studenten i stand til å akkompagnere song- og instrumentalaktivitetar og å forme eit musikalsk uttrykk ut frå det musikalske materialet som føreligg (sjå også emneplanane for MUTP302 og MUTP303).

Seminar/kurs i rytme og perkusjon

Kurset omfattar eit seminar i rytme og perkusjon med vekt på gruppesamspel og fasilitering

Vekeskurs i norsk folkemusikk

Studentane får ei innføring i norsk folkemusikktradisjon ved å følgje vekeskurs i folkemusikk og folkedans ved Ole Bull Akademiet.

Korprosjekt ved Griegakademiet

Studentane får røynsle med musikkutøving i klassisk tradisjon gjennom deltaking på Griegakademiet sine korprosjekt i samarbeid med aktuelle orkester.

Læringsutbytte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar Studenten har grunnleggande teoretisk kunnskap i musikk og kan delta musikalsk i praksisundervisninga på studiet.

Dugleikar Studenten har grunnleggande praktisk dugleik i musikk og kan nyttiggjere seg undervisninga på andre musikkrelaterte emne i studiet.

Generell kompetanse Studenten er kvalifisert til å engasjere andre menneske i helsefremjande musikalsk praksis.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og vår. Undervisninga går over to semester.

Undervisningssted

Griegakademiet - Institutt for musikk

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Tilrådde forkunnskapar inkluderer teoretisk og praktisk dugleik i musikk minimum tilsvarande godt avgangsnivå for musikklinje på vidaregåande skule. Praktisk dugleik i musikk må omfatte hovudinstrumentdugleik og bruksmusikkompetanse på eit akkompagnementsinstrument. Breidde i høve til (bi)instrument og sjangerkunnskap er ein fordel.

Studiepoengsreduksjon

ingen

Krav til studierett

Femårig integrert masterprogram i musikkterapi

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga inkluderer førelesingar, gruppeoppgåver og aktiv musisering. Arbeid med emnet krev aktiv eigeninnsats av studenten i form av øving, bruksmusikkarrangering osb.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar:

  • Kurs i bruksinstrument
  • Kurs i musikarskap og anvend musikkteori
  • Kurs i rytme og perkusjon
  • Vekeskurs i norsk folkemusikk og folkedans ved Ole Bull Akademiet
  • Deltaking i korprosjekt ved Griegakademiet

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Eksamen omfattar dugleiksprøve på aktuelt bruksinstrument, der studenten dokumenterer tilfredsstillande musikalsk framgang, tilfredsstillande musikkteoretisk forståing, og dugleik som ville kunne fungere i ein musikkterapeutisk arbeidssituasjon.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum er på ca. 200 sider. Eiga litteraturliste blir utarbeidd. I tillegg kjem aktuelt notemateriale og sjangerinformasjon.

Emneevaluering

Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.

Hjelpemiddel til eksamen

Programansvarlig

Programstyret for musikkterapi

Emneansvarlig

Kjetil Hjørnevik

Administrativt ansvarlig

Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet - Institutt for musikk