Nordisk: Litterært emne

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet skal gje ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innafor nordisk litteraturforsking. Det skal gje kunnskapar og dugleikar som går ut over det studentane har tileigna seg på 100-nivå.

Emnet er ein valfri del av bachelorgraden i nordisk språk og litteratur, der studentane spesialiserer seg i eit nærare definert område av faget.

Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast. Det kan variere frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gje tilbod om fordjuping i t.d. retorikk, ein sjanger, ein forfattarskap, ein litterær tradisjon eller epoke, ein spesifikk metode eller teori osv.

Tema våren 2026: «Litteratur og kjærlighet 1830 til i dag»

Læringsutbytte

Etter å ha studert dette emnet skal studentane

  • ha brei og inngåande kjennskap til skjønnlitteraturen på pensumet
  • kjenne til sentrale poeng i fagtekstane og dei grunnleggjande argumentasjonsformene i dei
  • ha oversyn over relevant forsking innanfor emneområdet
  • ha kunnskap om sentrale forskingsproblem knytt til emneområdet

Studentane skal kunne

  • diskutere og vurdere den aktuelle primærlitteraturen og faglitteraturen
  • diskutere teorigrunnlaget i ein fagtekst
  • velje ut og vurdere bruken av teori i eige arbeid
  • skape eigne fagtekstar med grunnlag i adekvate omgrep og metodar

Studentane vil og generelt vere i stand til å

  • skrive sjøvstendige fagtekstar innanfor eit avgrensa fagområde
  • grunngi valet og bruken av omgrep og metodar i eige tekstarbeid
  • velje ut relevant teori knytt til eit forskingsområde

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår, men ikkje fast.

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

NOLI102 og NOLI103 eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

Emnet må vere ulikt andre emne som kan studerast under andre emnekodar i det same semesteret, og det må vere ulikt andre emne den enkelte studenten vel i løpet av studiet.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er felles med eit forjupningsemne på 300-nivå.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten må vere til stades minst 70 % av undervisinga for å få emnet godkjent.

Det er obligatorisk å delta med minst eitt førebudd munnleg innlegg eller minst ei skriftleg innlevering i løpet av semesteret.

Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåva og motta rettleiing på ho.

Obligatoriske aktivitetar er gyldige i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve.

Ei semesteroppgåve skriven under rettleiing. Oppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid og skal ha eit omfang på inntil 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Oppgåva må vise ein jamt god prestasjon der kandidaten viser god vurderingsevne og godt sjølvstende på dei viktigaste områda.

Semesteroppgåva skal skrivast på norsk, og målforma på semesteroppgåva vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår. Der er og vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Programansvarlig

Programstyret for nordisk

Emneansvarlig

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarlig

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.