Anvendt kvantefysikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål

Emnet skal gje ei djup forståing av atom og korleis dei vekselverker med elektromagnetiske felt..

Innhald

Kurset skildrar atoma sine grunnleggjande kjenneteikn og oppbygnad frå eit- og to-elektron system til det periodiske system. Både ikkje-relativistisk teori i form av Schrödinger-likninga og relativistisk teori med Dirac-likninga vert nytta, og samanhengen mellom dei to vert utforska. Vidare så vert det beskrive korleis Dirac-likninga føreser eksistensen av både partiklar og antipartiklar, samt deira eigenspinn. Emnet tek også føre seg det elektromagnetiske felt og laserljus og korleis dei vekselverker med atom.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • struktur og dynamikk til stabile kvantesystem, herunder atom.
  • korleis mange-partikkel system skildrast ved hjelp av kvantemekanikk.
  • korleis atom og ladningar vekselverker med elektromagnetiske felt.
  • relativistiske effekter i atom og korleis Dirac-likninga skildrer frie partikler, antipartikler og hydrogenatomet.

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • formulere fysiske modellar og bruke matematiske og numeriske metodar til å løyse enkle ikke-relativistiske såvel som relativistiske problem.
  • beskrive mange-partikkel system kvantemekanisk.
  • rekne ut overgangsannsyn i atom generert av elektromagnetiske felt.

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • forklare korleis den grunnleggjande materien er bygd opp og responderer på stråling.
  • forklare korleis atomære prosessar ligg til grunn for og påverkar fenomen rundt oss.
  • kome med dømer på korleis kvantemekaniske effektar vert nytta i kvanteteknologi.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

PHYS201 eller tilsvarande

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav https://www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar/ 4 timar per veke.

Seminar (rekneverkstad) / 2 timar per veke.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

50% av oppgavene fra de 8 kollokviene i kurset må være godkjent.

Vurderingsformer

Muntlig eksamen, 100% av karakteren.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.