Vitskapsteoretiske perspektiv og etikk i klinisk praksis

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet fokuserer på vitskapsteoretiske problemstillingar som er relevante for psykologi som vitskapleg disiplin og for psykologiens bruksområde, slik som klinisk psykologi. Emnet gjer greie for sentrale prinsipp og reglar for god yrkesutøving som er nedfelt i fagetiske retningsliner, lover og forskrifter. Emnet inneheld også ferdigheitsøvingar.

Valtema opnar for at studentane kan fordjupe seg i relevante område innan klinisk psykologi. Studentane må ta del i minst eitt valtema.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om:

  • etiske prinsipp for nordiske psykologar
  • sentrale vitskapsteoretiske modellar i klinisk psykologi som fagdisiplin

Ferdigheiter

Studenten kan ...

  • utvise bevisstheit og refleksjon ved fagetiske problemstillingar som kan oppstå i samband med utøving av psykologyrket
  • identifisere og formulere etiske problemstillingar og drøfte korleis desse kan handterast ut frå fagetiske retningsliner
  • formulere ei vitskapteoretisk problemstilling knytt til psykologien som fagdisiplin og psykologiens verkeområde
  • presentere argument for og imot ein vitskapsteoretisk posisjon

Generell kompetanse

Studenten ...

  • forstår dei etiske premissa for handlingsval og vurderingar i psykologyrket
  • har eit reflektert forhold til vitskapens rolle og tyding i samfunnet

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust / Vår

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet i psykologi må vere greidd

Studiepoengsreduksjon

Full overlapp med PROPSY312C

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar med integrerte øvingar. Emnet har ei ramme på omtrent 110 studentarbeidstimar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking i undervisninga i minst eitt valtema.

Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som Godkjent / Ikkje godkjent.

Vurderingsformer

Mappevurdering.

Mappa består av:

  • Kursprøve med utgangspunkt i ei etisk problemstilling.
  • Essay med utgangspunkt i ei vitskapsteoretisk problemstilling.

Det vil bli gitt ein samla karakter på bakgrunn av alle delane i mappa.

Karakterskala

Greidd/ ikkje greidd

Vurderingssemester

Haust / Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarlig

Institutt for klinisk og biologisk psykologi

Administrativt ansvarlig

Det psykologiske fakultet