Klassisk retorikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet gir ei innføring i den klassiske retorikken som språkbrukslære og som historisk og kulturelt fenomen i antikken. Ein får eit oversyn over retorikkteoretiske hovudverk, frå Aristoteles' Retorikk (c. 330 f.Kr.) til Augustins De doctrina christiana (c. 400 e.Kr.), og kjennskap til retorikken si rolle i utdanning, litteratur og politikk. Ein vil óg kome inn på retorikken si vidareføring i mellomalderen og fram mot renessansen og opplysningstida. Gjennom analysar av teksteksempel får ein innsikt i tilhøvet mellom retorisk teori og praksis.

Læringsutbytte

Studentane skal få grundig kjennskap til klassisk retorikk i både historisk og systematisk perspektiv. Emnet skal gje innsikt i retorikken som fagtradisjon og kulturell faktor i antikken og gjere studentane i stand til å sjå samanhengar mellom historisk-kulturell situasjon og utviklinga av teoretiske og didaktiske omgrep.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Generell studiekompetanse.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar.

Om lag 26 timar. Førelesingar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen, må studentane ha bestått ei obligatorisk oppgåve.

Vurderingsformer

6 timars skriftleg skuleeksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Litteraturliste

Pensum består delvis av moderne innføringsbøker og delvis av greske og latinske tekster i omsetjing, både teoretiske (i første rekke Aristoteles' Retorikk) og praktiske (bl.a. taler av Demosthenes og Cicero).

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen.

Programansvarlig

Programstyret for klassisk

Emneansvarlig

Fagmiljøet i klassiske fag

Administrativt ansvarlig

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium