Det norske samfunn i endring

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Med framveksten av det moderne Noreg vart tidlegare former for makt og ulikskap dels endra og dels vidareførte. Med hovudvekt på Noreg gjev dette emnet ei innføring i korleis slike prosessar kan analyserast, og korleis sentrale maktstrukturar og institusjonar i dagens samfunn heng saman med, og formar aktørar sine livssjansar og livsløp.

Gjennom å sjå dette i relasjon til sosiale institusjonar og områder som utdanning, velferd, økonomi, arbeidsmarknader og arbeidslivsrelasjonar, migrasjon, sosiale nettverk og sosial mobilitet, og gjennom å knytte dette til analytiske storleikar som kjønn, klasse, etnisitet og alder, vil emnet gje ei innføring i korleis sentrale former for makt og ulikskap har utvikla seg over tid i det norske samfunnet, og kva former for makt og ulikskap som er dominerande i det norske samfunnet av i dag. Kurset vil vektlegge både klassiske og nyare analysar av desse problemstillingane.

Kurset vil også ta føre seg korleis det som gjerne vert kalla «Den norske modellen» skil seg frå andre måtar å organisere økonomiske relasjonar, arbeidslivrelasjonar og velferdsordningar på. Likeeins vil utfordringar og endringar som følgje av internasjonaliserings- og globaliseringsprosessar bli drøfta.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gjere greie for dei mest grunnleggande omgrepsfestingane av makt og ulikskap
  • gjere bruke av desse og andre sosiologiske nøkkelomgrep i utgreiing av:
  • sentrale institusjonar, strukturar og prosessar i det norske samfunnet, som td.
    • utdanning
    • arbeid, arbeidsmarknader og arbeidslivsrelasjonar
    • økonomi
    • migrasjon,
    • sosiale nettverk
    • intragenerasjonell og intergenerasjonell sosial mobilitet
    • livsløp
    • velferdsstaten
  • «Den norske modellen», og på kva måtar denne både liknar på, men også skil seg frå andre måtar å organisere sentrale sosiale relasjonar.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • skilje mellom, og drøfte ulike former for makt i det norske samfunnet
  • skilje mellom, gjere greie for og drøfte ulike former for ulikskap i det norske samfunnet
  • analysere og drøfte ulike sosiale prosessar, strukturar og utviklingstrekk med vekt på desse dimensjonane
  • ha kjennskap til sentrale sosiologiske arbeid og forskingstradisjonar på desse felta
  • kunne gjere bruk av generelle sosiologiske omgrep og teoriar om for å drøfte utviklingstrekk ved den norske samfunnsformasjonen
  • finne og anvende faglitteratur og anna kjeldegrunnlag for drøfting av ei oppgitt problemstilling
  • anvende kjelder på korrekt måte i skriftlig framstilling

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

SOS103 (10 studiepoeng) og SOS103-L (10 studiepoeng)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

10 førelesingar og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei innleveringsoppgåve på 2000 ord (+/- 10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg) som skal vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen i emnet.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle semesteret samt det påfølgande semestret.

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Studentar kan etter 15. januar melde seg opp sjølv i studentweb

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarlig

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.