Sosiologiske teoritradisjonar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med emnet er å gje studentane innsikt i moderne sosiologisk teori og generell samfunnsteori. Emnet omfattar presentasjonar av ulike teoretiske perspektiv og teoretiske diskusjonar, og ein kritisk refleksjon over korleis desse ulike perspektiva kan kasta lys over aktuelle empiriske problemstillingar. Det vert lagt særskilt vekt på å presentera sosiologiske perspektiv som kan danna utgangspunkt for å utvikla eigne masteroppgåveprosjekt.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har

  • grundig innsikt i sentrale problemstillingar innanfor nyare sosiologiske teoridebattar.
  • god greie på kva høve desse debattane står i til eldre sosiologiske teoritradisjonar
  • brei oversikt over ulike sosiologiske perspektiv på samfunnet
  • omfattande kunnskap om korleis dei ulike perspektiva vert brukt i empiriske studiar av samfunnet

Dugleikar

Studenten kan

  • gjere sjølvstendige og kritiske vurderingar av sosiologiske teoritekstar og av korleis sosiologisk teori vert brukt i studiar av samfunnet
  • skrive eigne tekstar der sosiologiske teoriar blir brukte i drøfting av samfunnsfaglege problemstillingar

Generell kompetanse

Studenten har

  • eit solid grunnlag for å forstå vitskapleg argumentasjon, drøfta teoretiske problemstillingar, og gjera bruk av samfunnsteoriar og sosiologiske teoriar til å drøfta konkrete problemstillingar
  • kompetanse til å skriva og formidla avanserte vitskaplege framstillingar og kritiske drøftingar av ulike teoretiske og empiriske problemstillingar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Krav til forkunnskaper

Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande.

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i sosiologi og for studentar på 5-årig lektorutdanning i sosiologi

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar førelesningar og seminar. Det er lagt til rette for studentaktivitet ved at studentane diskuterer aktuelle spørsmål i mindre grupper.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Studentar kan etter 15. januar melde seg opp sjølv i studentweb

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Hjelpemiddel til eksamen

Oppgåve: alle

Skuleeksamen: Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.

Programansvarlig

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarlig

Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet