Prosjektutvikling

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Å utvikle spesifikke kunnskapar og ferdigheiter for prosjektutvikling, knytt til prosjektdesign, litteratursøkning, informasjons- og kjeldesøking, og etiske problemstillingar, samt å gjennomføre forarbeid for eige masterprosjekt.

Innhald:

Ein arbeider med utvalde emne knytt til prosjektdesign, litteratursøkning, informasjons- og kjeldesøking og etiske problem.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om samfunnsvitskaplege prosjektdesign
  • har kunnskap om val av teoretiske og metodiske tilnærmingar i eit prosjektdesign
  • har kunnskap om kva forskingsetiske refleksjonar som bør gjerast i tilknyting til bestemte prosjektdesign
  • har oversikt over SIKTs datatilbod og personvern for forsking
  • har omfattande kunnskap om kva krav som blir stilt til prosjektskisse, prosjektbeskriving og masteroppgåve i sosiologi

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utforme problemstillingar for masteroppgåva
  • kan vurdere kva som er relevant faglitteratur
  • kan søke etter relevant litteratur og utforme referanse- og litteraturlistar
  • kan presentere forskingslitteraturen på eit avgrensa område
  • kan søke SIKT om løyve til å utforme ei eiga studie
  • kan utvikle ei prosjektskisse og ein prosjektbeskriving for eit mastergradprosjekt

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Krav til forkunnskaper

KOPRA101, KOPRA102, KOPRA103, MET102, PEDA120, PEDA121, PEDA122, SAKDI101, SAKDI111, SOS101, SOS103-L, SOS105-L eller SOS113-L, SOS201

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlapper 5 studiepoeng med SOS340.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på 5-årig lektorutdanning i sosiologi som oppfyller forkunnskapskrava

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar førelesingar, seminar og individuell rettleiing. Arbeidsformane i undervisninga er lagt opp rundt studentanes arbeid med å utvikle eit masterprosjekt. Dette skjer gruppevis og individuelt og omfattar forarbeid til eige masterprosjekt og utforming av prosjektskildring. Kvar student får ein eigen rettleiar i samband med utviklinga av prosjektopplegget og prosjektskildringa i tillegg til undervisaren med ansvar for SOS340-L.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Innlevering av prosjektskildring ved emneavslutning.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen tilbys i undervisningssemesteret

Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta i UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til studieveileder.sos@uib.no innen innleveringsfristen. Det gis maksimalt 3 dagers utsatt frist.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarlig

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.