Mastergradsoppåve i spansk og latinamerikastudium

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Masteroppgåva utgjer den viktigaste delen av masterstudiet, og er normert til to semester med intensivt arbeid.

Tema for masteroppgåva kan etter samråd med faglærar i prinsippet veljast fritt, men vil i praksis vere styrt av kapasiteten på faget. Tema og problemstilling for masteroppgåva skal vere knytte til éin av hovuddisiplinane i faget. Masteroppgåva skal skrivast på spansk og ha eit omfang på 70-110 sider (mellom 25900 - 40700 ord).

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, kompetanse og generell kompetanse:

Kandidaten

  • har brei generell kunnskap innanfor faget og djupnekunnskapar innanfor eit avgrensa område
  • har grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen
  • kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
  • kan setje seg inn i og vurdere kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet
  • kan skaffe seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget
  • kan gjennomføre eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kjenner normene for akademisk skriving
  • kan bruka IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføre eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet
  • kan sjølvstendig halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
  • kan uttrykkje på spansk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde
  • kjenner til relevante kommunikative sjangrar
  • kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen formelle krav, men emnet føreset solide spanskkunnskapar.

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i spansk og latinamerikastudium.

Arbeids- og undervisningsformer

Alle som har studieplass på masterstudiet, har rett til individuell rettleiing i samsvar med ressursane på faget. Totalt har studenten krav på 30 timar med rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing er obligatorisk. Student og fagmiljø skal teikna ein innbyrdes forpliktande rettleiingskontrakt seinast i andre semester, oftast etter vurdering av prosjektskissa og alltid i samsvar med ressursane på faget. Tema for masteroppgåva skal godkjennast av rettleiar.

Det er mogleg for studenten å byte tema undervegs. Ved byte av rettleiar skal ny rettleiingskontrakt underteiknast.

Vurderingsformer

Ei masteroppgåve skriven på spansk på 70-110 sider (25900 - 40700 ord) med justerande munnleg eksamen. Det er to fristar for innlevering av masteroppgåva kvart semester: 1. februar og 15. mai i vårsemesteret, og 1. september og 20. november i haustsemesteret.

Etter at masteroppgåva er vurdert, blir det halde ei munnleg prøve. Dette er ein samtale rundt problemstillingar i masteroppgåva, og kan endre den endelege karakteren med éin bokstavkarakter. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår og haust.

Litteraturliste

Studentene skal gjere seg kjent med sentral forskingslitteratur i det emnet dei skriv masteroppgåve i, og kjennskap til denne litteraturen skal dokumenterast gjennom masteroppgåva.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Programstyret for spansk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.