Finansteori

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Kurset går gjennom teorien for prising av finansielle derivat - både i diskret og kontinuerleg tid, inkludert utleiing av Black-Scholes formel. Vidare ser ein på ulike rentemodellar. Den nødvendige teorien for stokastiske differensiallikningar vil bli gjennomgått.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • Nytte den binomiske modellen til å finne verdien til eit finansielt derivat.
  • Nytte arbitrage argument til å utleia Black-Scholes formel.
  • Kjenne karakteriseringa av arbitrage ved martingal mål.
  • Karakterisere og drøfte stokastiske differensiallikningar og utnytta samanhengen mellom desse og den infinitesimale operatoren til overføre løysinga av den stokastiske differensiallikninga til eit Caucy problem for ei partiell differensiallikning.
  • Nytte Feynman-Kac stokastiske representasjonsformel for løsning av eit Cauchy problem.
  • Modellere korttidsrenta ved hjelp av martingalar. Kjenne ulike term structure modellar.

Undervisningssemester

Annenhver vår, odde årstall

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

STAT220, økonomifag innen investering og finansiering (f eks ECON261) er ein fordel.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske øvingar (gyldige i to semester: inneverande + semesteret etter).

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen: 4 timar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen vår og haust i oddetalsår. Om hausten, når det ikkje er undervising, er eksamen tidleg i semesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.