Etikk i undersøkande journalistikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med emnet er å løfta fram både grunnleggande og konkrete etiske perspektiv på undersøkande journalistikk. Undersøkande journalistikk blir plassert i ei moralfilosofisk ramme og i lys av samfunnsrolla. Konkrete etiske dilemma, med særleg relevans for gravejournalistikk, blir sett søkelys på og drøfta. Grenselandet mellom jus og etikk i gravejournalistikk blir utforska.

Etikk i kunstig intelligens (KI) er eit av fleire sentrale tema.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsbytte:

Kunnskapar:

Studenten

  • har avansert kunnskap om undersøkande journalistikks etiske og moralske legitimering.
  • har kunnskap om korleis ein kan nærma seg konkrete etiske dilemma.
  • har inngåande kjennskap til viktige grenselinjer mellom jus og etikk på gravejournalistikkens område.
  • har oppdatert kunnskap om dei etiske utfordringane i bruken av KI i undersøkande journalistikk.

Ferdigheiter:

  • kan bidra til grundige og avanserte diskusjonar av kompliserte redaksjonelle etiske utfordringar i graveprosjekt
  • kan ta fornuftige avgjerder i etiske dilemma

Generell kompetanse:

  • kan delta med avansert kunnskap i etiske overlegningar i undersøkande journalistikk og i graveredaksjonar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår/haust

Undervisningssted

Undervisningssted kan variere - opplyses om ved påmelding hos UiB Videre.

Krav til forkunnskaper

Bachelorgrad eller tilsvarande.

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Videreutdanningskurs. Opptak til emnet skjer gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Samlingar, workshops, seminar, førelesingar, gruppearbeid, digital undervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Éi deloppgåve under rettleiing undervegs i kurset. Nærare informasjon blir gitt ved kursstart.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Skriftleg refleksjonsoppgåve over sjølvvalt etisk dilemma, godkjent av faglærar.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår/haust

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentar og faglærar etter kvar gjennomføring.

Programansvarlig

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarlig

Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.