Innføring i kunstig intelligens

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med AIKI100 er å gje ein brei introduksjon til kunstig intelligens (KI) som disiplin, og gje eit frampeik mot vidare kurs og moglege spesialiseringar. Kurset introduserer den tverrvitskaplege breidda til fagdisiplinen, den historiske utviklinga og bruken av idéar innan KI-forsking, relasjonen mellom kunstig intelligens og samfunn og dei etiske implikasjonane av denne relasjonen. Kurset vil også gje ein introduksjon til dei viktigaste resultata og utfordringane i underdisiplinane av KI, som kunnskapsrepresentasjon og resonnering, multi-agent-system, naturleg språkforståing, maskinlæring, planleggjjng og søk.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • Kan beskrive kunstig intelligens som ein vitskapleg disiplin i ein historisk og samfunnsmessig kontekst
  • Kan oppsummere dei viktigaste utfordringane og resultata i ulike underdisiplinar av kunstig intelligens
  • Forstår korleis kunstig intelligens vert støtta opp av matematikk, informasjonsvitskap, informatikk og automatisering.

Ferdigheit

Studenten

  • Kan koble ulike oppgåver som vanlegvis krev menneskeleg intelligens til relevante metodar innan kunstig intelligens
  • Kan kritisk diskutere mogleheitane og avgrensingane innan fagfeltet kunstig intelligens i kontekst av teknologi og samfunn
  • Kan identifisere eigne interesser innan kunstig intelligens og velgje retning for vidare KI-studium

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Erfaring med matematikk er ein fordel.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar og gruppeøvingar (normalt 2 timar av kvar i 11-14 veker). Det vert forventa at studentane sjølve organiserer kollokvium.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatoriske innleveringar av seminaroppgåver, som må gjerast i undervisningssemesteret og 80% av dei godkjennast.

Velg ein:

  • Obligatorisk deltaking: oppmøte på lab- og seminargrupper (minst 75%)
  • Sjølvstudium: gjennomføre dei obligatoriske seminaroppgåvene sjølvstendig innan dei fastsatte fristane

Vurderingsformer

Skuleeksamen, 4 timar

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær etter UiBs studieforskrift § 5-5. Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • avbrot under eksamen.
  • stryk/ikkje bestått

Studentar kan etter 15. januar melde seg opp sjølv i studentweb.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.

Programansvarlig

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarlig

Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.