Innføring i arkeologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet tek sikte på å gje ei innføring i:

1) arkeologifaget

2) fagets nøkkelomgrep

2) fagets vitskapsteoretiske utvikling og bruk av ulike metodar

3) kunnskapsproduksjon i arkeologifaget

5) arkeologifagets relaterte disiplinar og korleis desse vert nytta

6) forvaltning av kulturminner i ulike periodar og regionar

Emnet gir ei innføring i arkeologifaget og relaterte disiplinar. Eit hovudtrekk i kurset er å gje innsikt i kva arkeologi er, og vise ulike tilnærmingar til faget og disiplinen. Studentane får innsikt i korleis faget har utvikla seg, på bakgrunn av sentrale vitskapsteoretiske strømmingar, faghistorie, grunnleggjande metodiske prinsipp og kritisk tenking. Emnet vil og innehalde ein ekskursjon til kulturminne frå ulike periodar i Bergensregionen.

ARK100 inngår ikkje i ei spesialisering i arkeologi, men vert tilrådd for dei som vil spesialisere seg i arkeologi.

For å vite meir om ARK100, sjå vår temaomtale.

Læringsutbytte

Ved fullført emne har studenten oppnådd følgjande:Kunnskap

  • Studenten har kunnskap om fagets utvikling knytt opp mot teoretisk og metodisk utvikling.
  • Kjennskap til grunnleggjande omgrep innanfor arkeologifaget og korleis desse har utvikla seg.
  • Generell kunnskap om ulike typar kulturminne, lokaliseringa deira og forvaltning.

Ferdigheiter

  • Studenten har evne til å vurdere og å setje seg inn i generelle faglege tekstar både på skandinaviske språk og engelsk, samt evne til å kunne skrive korte resonnerande tekstar.

Generell kompetanse

  • Studenten kan vurdere og samanfatte informasjon henta frå ulike kjelder og sett frå ulike synsstadar.

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Haust. Undervisninga går over heile semesteret.

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Gode kunnskapar i engelsk

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Normalt om lag 7 forelesningar og to obligatoriske oppgåveseminar.

I tillegg til forelesingar som skal tene til å utdjupe og utfylle pensum vert det, dersom ressursane tillét det, organisert kollokviegrupper og ekskursjon. Undervisninga føregår gjennom heile semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Obligatorisk deltaking på to oppgåveseminar.

- Innlevering av utkast til semesteroppgåva på minst 500 ord

Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er ei semesteroppgåve på om lag 1500 ord.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk og/eller engelsk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Det vert nytta vurderinga greidd/ikkje greidd.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er om lag 800 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera faget.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant.

Programansvarlig

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Emneansvarlig

Administrativt ansvarlig

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap