Prosjektskisse

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Dette kurset vil hjelpe til med utviklingen av eit forlsg til skisse til masteroppgåva. Studentane skal bruke kunnskap og dugleikar oppnådd i FIL322 ved valg av oppgavetema, finne relevant litteratur og skrive eit prosjektforslag.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • Kjennskap til dei grunnleggjande komponentane i et forskningsprosjektforslag i filosofi;
  • Kjennskap til sentral vitenskapleg litteratur knytt til studentanes valte tema.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • Skrive ein gjennomgang av sentral vitskapleg litteratur knytta til deira valde oppgåvetema;
  • Motivere og artikulere hovudforskingsspørsmåla som deira masteroppgåve vil besvare;
  • Forklare korleis dei vil ta opp spørsmåla i oppgåva deira;
  • Lage ein plan for gjennomføringa av det føreslåtte prosjektet;
  • Skrive eit forslag til forskningsprosjekt.

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten vere kompetent å

  • Føreta forsking i filosofi
  • Skrive ei masteroppgåve i filosofi

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningssted

Haust og vår

Krav til forkunnskaper

FIL321 må vere fullført før ein kan melde seg til FIL322.

Anbefalte forkunnskaper

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

FIL322 overlappar 5 SP med FIL304 (Plan for Master Thesis in Philosophy), 5 SP med FIL312 () og 5 SP med FIL342

Krav til studierett

For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Studentane skal delta på minst 70% av seminar
  • Munnleg presentasjon av deira prosjektforslaget (tid og stad fastsatt av faglærar)
  • Levere inn eit utkast til deira prosjektforslaget. Frist bestemt av faglærar.
  • Levere inn utfylt og signert rettleiingkontrakt innan slutten av semesteret

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Vurderingsformer

Sluttvurdering for emnet vil vere basert på eit prosjektforslag for masteroppgåva, som skal innehalde:

  • Ein skildring av den føreslåtte masteroppgåva (2000-3000 ord, ikkje medrekna kjeldehenvisingar og bibliografi). Tema for prosjektet skal godkjennast av faglærar.
  • Ein framdriftsplan for den føreslåtte masteroppgåva.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarlig

Utvalg for fagstudie i filosofi

Emneansvarlig

Department of Philosophy

Administrativt ansvarlig

Department of Philosophy