Omsetjing frå fransk til norsk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet inneheld ein komponent:

- Omsetjing frå fransk til norsk

Arbeidet med omsetjing har som mål å gje studentane større teoretisk kunnskap og praktisk dugleik i moderne fransk. Omsetjingsdisiplinen skal dessutan bidra til ei betre forståing av dei ulike strukturane i dei to språka. Dugleik i omsetjing mellom fransk og norsk er ein viktig kvalifikasjon når ein skal bruka franskstudiet i yrkessamanheng.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal kandidaten:

- ha større kunnskap om fransk språkstruktur.

- kunna omsetja middels vanskelege tekstar.

- ha større kunnskap om kontrastive problemstillingar i omsetjing mellom norsk og fransk.

- kunna vidareutvikla kunnskap og dugleik i disiplinen på sjølvstendig vis.

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

For å ta emnet FRAN116 må studenten ha bestått eksamen i eitt eller fleire av emna FRAN101, FRAN102, FRAN103, FRAN104, FRAN114, FRAN115.

Anbefalte forkunnskaper

For å gjennomføra emnet med godt resultat, bør kandidaten ha fulgt undervisninga i emna FRAN120, FRAN121, FRAN122, FRAN123 og FRAN124 (alternativt FRAN101, FRAN102, FRAN103, FRAN114/115), eller tilsvarande emne ved andre universitet.

Studiepoengsreduksjon

FRAN103 (5 stp)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert kun gjeve tilbod om rettleiing i samband med dei obligatoriske arbeidskrava.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunna ta eksamen i emnet må studentane få godkjent ein omsetjingsoppgåve.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ei 2 timars skuleeksamen i omsetjing frå fransk til norsk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Omsetjing frå fransk til norsk er ikkje knytt til eit fast pensum.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

På eksamensdagen kan studentane nytta fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk ordbok.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Programstyre for fransk

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.