Japansk språk og grammatikk 1

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet er å gi kunnskap i japansk språk på begynnarnivået, med vekt på grammatikk og munnleg japansk. Undervisninga inneheld begynnargrammatikk, basisvokabular og enkle snakkeøvingar

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har ein forståing for dei mest grunnleggjande grammatiske mønstra, samt vokabular
  • har kjennskap til enkle, munnlege uttrykksformer, samt daglegliv og skikkar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forstå og produsere enkle setningar
  • kan introdusere seg sjølv og snakke om deler av dagleglivet sitt på formelt språk

Generell kompetanse

Har grunnleggjande innsikt i grammatiske strukturer på begynnarnivå

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Universitetet i Bergen

Krav til forkunnskaper

Sjå anbefalte forkunnskaper.

Anbefalte forkunnskaper

Fullført JAS100 eller tilsvarande.

Meistring av dei to stavingsalfabeta hiragana og katakana.

Studiepoengsreduksjon

Det er 15 studiepoeng overlapp mellom JAS101 og JAP110.

JAP110 tilhøyrde den gamle studieplanen for bachelorprogrammet i japansk.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til bachelorprogrammet i japansk.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av forelesningar, videoar og gruppeundervisning,

Det er om lag 4 timar forelesning, éin video kvar veke i 12 veker, og 1-2 timar samtalegrupper i veka i 10 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dette emnet har

  • 12 sett med digitale oppgåver
  • tre grammatikprøver
  • tre heimeoppgåver
  • éin munnleg samtale

som alle er obligatoriske og må være godkjente i same semester for at kandidaten skal kunne framstille seg til vurdering. Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av kvar enkelt undervisningsrekke. Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i semesteret det er godkjent.

Vurderingsformer

Emnet har mappevurdering, og det er dei tre obligatoriske prøvene som inngår i mappa. Det skal gjerast ein heilskapleg vurdering av alt arbeidet i mappa, inkludert graden av progresjon.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum består av ei innføringsbok i japansk og inkluderer dialogtekstar og grammatikkutgreiingar. Eit oppslagsverk i japansk grammatikk blir også nytta, samt utvalde tekstar som vert utleverte på førelesingane.

Det blir utarbeidd ei liste over tilrådd tilleggslitteratur.

Kjernepensum er første del av læreboka Genki 1 (Japan Times, Tokyo) og referansegrammatikken Naruhodo, bind 1 (Fagbokforlaget).

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Programstyret for japansk

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.