Kultur, historie og samfunn i Kina

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Studiet gir basiskunnskapar i kinesisk sivilisasjonshistorie, med særleg vekt på kultur, historie og samfunn.

Læringsutbytte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

- kjenner hovudtrekka i kinesisk sivilisasjonsutvikling, og har kunnskapar om dei viktigaste milepælane i dynastiets historie.

- har ei multidimensjonal forståing av det kinesiske samfunnet si moderne historie, gjennom tema som utdanningsutvikling, religion, folkegrupper og politisk system.

Dugleik

- kan snakke om og presentere tema knytte til kinesisk kultur, historie og samfunn.

Generell kompetanse

- har innsikt i det moderne Kina og det kinesiske folk frå eit historisk og kulturelt perspektiv.

Fulltid/deltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for KIN100 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert ASIA100.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vil bli gitt i form av førelesingar og seminar, 2 timar i veka i 12 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte til minst 75 prosent av undervisninga. For å få gå opp til eksamen, må studenten halde ein kort presentasjon om eit Kina-relatert tema med ein skriftleg rapport. Presentasjonen og rapporten er eit gruppeprosjekt. Nærare retningslinjer blir gitt ved semesterstart.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen vert arrangert i undervisningssemesteret og i det påfølgjande semesteret for dei som har godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet.

Litteraturliste

Pensum inneheld, forutan forelesingsnotatar, eit kompendium på om lag 500 sider. Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Programstyret for kinesisk.

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.