Kinesisk språk 3

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

KIN113 byggjer på KIN111 og KIN112 og har vidare begynnarundervising i og om det kinesiske språket, med vekt på språkstruktur, skriftspråk og daglegdags tale. Det er eit tilbod til studentar som ønskjer å lære moderne mandarin over basisnivået.

Studentane skal skaffe seg praktisk ferdigheiter i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal skaffe seg eit vokabular på 300 ord knytte til daglegliv og universitetskvardag, samt 160 nye skriftteikn. Dei skal òg vere kjende med vanlege sosiale og kulturelle aktivitetar i Kina. Korrekt uttale vert vektlagd.

Læringsutbytte

Studentane skal

- ha tileigna seg basisvokabular og basisgrammatikk.

- ha tileigna seg eit vokabular på 300 ord knytte til daglegliv og 160 nye skriftteikn.

- ha kjennskap til daglegliv, skikkar, sedvanar og andre kulturelle aktivitetar i Kina.

- kunne skrive ei rekkje av dei mest nytta kinesiske teikna utan å konsultere vokabularliste eller ordbok.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

KIN111 og KIN112 eller tilsvarande kunnskapar. God dugleik i engelsk.

Det er ein klar føremon å ta KIN113 og KIN114 i same semester.

Studiepoengsreduksjon

Det er 10 studiepoeng fagleg overlapping mellom KIN113 og KIN103. KIN103 tilhøyrde den gamle studieplanen for bachelorprogrammet i kinesisk.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og seminar. Det er om lag 8-10 timar undervisning i veka, i 6 veker i første halvdel av semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studenten levere inn 5 skriftlege og munnlege oppgåver og få godkjend minimum 4 av desse.

Det blir kravd at studentane har 75 % oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet. Dei godkjende arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Fokus blir på uttale, munnleg kommunikasjon, skildring og identifisering av kinesiske skriftteikn.

Karakterskala

Ved sensur av ement nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen vert arrangert i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret for dei som har godkjende obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Tekstbok for nybyrjarar med tilhøyrande arbeidsbok, og multimediaverkty.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisinga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Programstyret for kinesisk

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.