Strukturoppklaring av organiske molekyl

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet skal gje ei forståing av korleis ein kan analysere organiske sambindingar ved hjelp av spektroskopiske metodar som infraraud-(IR), ultrafiolett-synlig (UV-Vis) og kjernemagnetisk resonans-(NMR) spektroskopi, samt massespektrometri (MS). Emnet er spesielt konsentrert om tolking av data, men ei grunnleggjande forståing av dei ulike analysemetodane blir også vektlagt. I kurset vil hovudfokus ligge på metodane NMR og MS.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om prinsippa for dei ulike nemnte spektroskopiske metodane
  • har kunnskap om bruk av spektroskopiske metodar som verktøy i organisk strukturoppklaring innanfor forsking, industri og helsesektor

Ferdigheiter

Studenten

  • kan tolke spektroskopiske data frå IR, UV-Vis, NMR og MS, enkeltvis og kombinert, for å avklare strukturen til enkle organiske sambindingar
  • kan foreta strukturoppklaring basert på teoretiske data innhenta ved hjelp av organiske analysemetodar
  • kan velje relevante spektroskopiske metodar som egner seg best til eit gitt problem

Generell kompetanse

Studenten

  • kan mestre gruppearbeid
  • kan kunne løyse ein kompleks problemstilling ved å sette saman bitar av informasjon

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master

Undervisningssemester

Haust.

Krav til forkunnskaper

Anbefalte forkunnskaper

KJEM124, KJEM215 eller tilsvarande

Studiepoengsreduksjon

K234: 10 stp, K234A: 10 stp, KJEM230: 5 stp, KJEM233: 5 stp, KJEM333: 5 stp

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og oppgåver.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatorisk deltakelse på første forelesning.
  • Fire (4) oppgåveinnleveringar der den siste er ei gruppeoppgåve. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i 5 påfølgjande semester. Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjent og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.

Vurderingsformer

Digital skriftleg eksamen (4 timar).

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta. Karakteren A den høgaste beståtte karakteren på skalaen, karakteren F er stryk.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets reglar

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@kjemi.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og

studieprogrammet.