Casestudier i kontroversielle tema

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet belyser eit utval av kontroversielle tema gjennom case-studiar. Målet er å gi studentane faglig fordjupning i korleis kontroversar oppstår og utviklar seg både historisk og i samtida. Studentane skal utvikle innsikt i korleis ulike politiske, kulturelle, religiøse og sosiale faktorar påverkar kva som blir oppfatta som kontroversielt, og lære å analysere og drøfte slike prosessar på ein kritisk og reflektert måte.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har djupnekunnskap om dei casane som blir tatt opp i emnet
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar kontroversielle tema, og faktorar som påverkar kvifor bestemte tema blir oppfatta som kontroversielle

Ferdigheter

Studenten

  • kan analysere og forklare kvifor bestemte tema blir oppfatta som kontroversielle
  • kan skrive faglege og ressonerande tekster som drøftar kontroversielle tema

Generell kompetanse

Studenten

  • har utvikla analytisk kompetanse til å kritisk drøfta dei casane som blir tatt opp i emnet
  • kan nytte kunnskapar og ferdigheiter frå emnet til å analysere andre eksempler på kontroversielle tema

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Fullført og bestått KONMAU600

Studiepoengsreduksjon

Ikkje aktuelt

Krav til studierett

Opptak til erfaringsbasert master i undervisning om kontroversielle tema med fordjuping i historie eller religion.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar og førelesingar. Undervisninga vert organisert som 3 samlingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

To obligatoriske oppgåver på om lag 500 ord.

Obligatorisk oppmøte på 2 av 3 samlingar.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i tre semester: undervisningssemesteret og dei to neste.

Vurderingsformer

Muntlig eksamen på inntil 30 minutt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust: Det er eksamen i påfølgjande semester for studentar med gyldige obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1200 sider.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.